335
7
1
Finérplater i lydhimling?
31
Bergen
0
Me skal straks i gong med å bygge nytt hus over 2 plan, og planen er å ha lydhimling i 1. etasje. Lydhimlingen skal bestå av lekter på bjelkelaget med lydbøyler og to lag gips lagt i forbandt nedanfor.
No vil imidlertidig konemor ha finérplater i ein del av taka, og eg lurar difor på om dette kan la seg gjere i kombinasjon med lydhimlinga?
Vil då finérplata bli liggande som plate nr. 3, eller skal me byte ut den nederste gipsplata med finérplata? Korleis får dette fint inn mot vegg? Og korleis få det 100% tett?
Er det nokon som kan noko om dette som kunne tenke seg å komme med nokre tips?
På førehand, takk for hjelpa!

1 lag gips og eit lag finer isolerer lyden betre enn 1 lag gips.
2 lag gips og eit lag finer isolerer lyden endå betre.
2 lag gips og eit lag finer bør gå heilt fint, så lenge det ikkje vert for tungt for lydbøylar, lekter, skruer e.l.
Generelt er stivare og tyngre betre for lydisolering.
Finér skal me ha fordi kona mi seier det ser bra ut, og eg er jo til dels einig. Her er eit døme på korleis det kan sjå ut: http://joesinterior.no/onewebmedia/P2280102.JPG , men me skal altså berre ha det i taket.
Korleis gjere overgangen frå vegg til tak best mogleg?
Og kva tjuknad lyt me bruke på platene? Eg ser Norebo leverar frå 4mm til 18mm.
Hvordan har du tenkt å feste finerplatene i taket?
Om du får dei tynne og lette, kan jo ro lag gips, med slik plate nederst fungera bra.
Om det vert tjykkare, tyngre og stivare plater, bør eit lag gips + desse platene vera bra. Men då er det lurt å fuga alle plateskøyter. Følj rådet til HSt først.
Uansett så er det viktig, som Sondre87 skriv, at takplater og veggplater ikkje har kuntakt.