222    2    0  

"Ansvarsbelagt oppmåling" - kva vil det seie?

 974     0

Vi har eit nabohus, der eigaren (eit selskap som leiger ut hyblar) vil bygge på for å få inn fleire leigetakarar.
Dei har sikta seg inn på 4 m frå alle grenser, og søkt om byggeløyve.

I merknadane til nabovarselet har vi ytra uro for at det kanskje ikkje er nøyaktig så stor
plass som dei vil ha det til. Dvs at avstanden mellom eksisterande bygg og grensa kan vere mindre
enn søkjaren vil ha det til.

I svaret (i søknaden) skriv dei mellom anna at det vil "bliforetatt en ansvarsbelagt PRO og UTF oppmåling i
forbindelse med bygging".
PRO er vel prosjektering og UTF er utførande (?), men kva tyder heile uttrykket?
Når vert det oppmålt, kven er ansvarleg, og kva for dokumentasjon skal ligge føre?
Skal dei varsle grannane?

Nokon som veit?








   #1
 4,258     0
Ansvarsbelagt betyr vel her at de som måler opp har ansvarsrett for å utføre slike oppgaver, ergo er kvalifisert til å måle riktig.

Spørsmålet er hva de gjør hvis det viser seg å være avvik, mistenker at det å varsle naboene ikke akkurat er første prioritet. 
  (trådstarter)
   #2
 974     0
Takk for svar... - det burde eg kanskje tenkt meg sjølv.

Det er eit vedlegg i søknaden deira, med ærklæringar av ansvarsrett. Her står det namn på ei oppmålingsfirma for
"PRO | Oppmåling"
og "UTF | Innmåling og utstikking tiltak"

Tiltakshavar har ikkje prioritert å informere naboar om noko som helst.

"Nokon" har vore her og sett ned trepluggar på ei av grensene (dvs. mot éin nabo).
Naboen der har ikkje høyrt noko før pluggane stod der, eller etterpå-

Vi må kanskje høyre med den ansvarlege for å få vite noko.


Neste spørsmål...
Tomtene vart oppmålte ein gong på 1950-talet, på centimeteren i eit rutenett med sentrum i eit visst punkt.
I mellomtida er koordinatsystemet gjort om, og satellittar og GPS funne opp.

Er det nokon som kjenner jussen dersom det ikkje er heilt samsvar mellom det som måtte vere sett ned i
bakken for 60+ år sidan og det oppmålaren kjem fram til?
Kva er "rett" punkt?