2,571    5    0  

arkeologiske utgravninger..

 44     0
Venter på tomt, og har nå fått beskjed om at det kanskje skal settes igang arkeologiske utgravninger i området pga en gammel kongegrav like ved.. hva kan vi forvente oss her, er det bare å si takk og adjø om dette blir en realitet?? Tar vel årevis + koster flesk?? noen som har vert borti dette før? hvem må i såfall betale dette arkeologiske gildet?

skal ikke vere lett å få seg hus i disse dager, nei..

   #1
 1,943     0
Er det del av ein reguleringsplan? I så tilfelle skal den ansvarlige for planen ta kostnaden. Mindre private tiltak skal ikkje koste noko.

Dersom arkeologane ikkje påviser noko, og ikkje finn at tiltaket vil skjemme det freda kulturminnet like ved, vil du kunne bygge ut.

Det tar ikkje åresvis. Ei registrering vil kunne ta alt frå ein dag til nokre veker, alt etter kort stort området er. Ei tomt av normal størrelse bør ein fint kunne registrete på ein dag eller to.

Dersom det blir gjort funn vil fylkeskommunen gjere ein av to ting: enten tilrå at det blir gitt dispensasjon frå kulturminnelova slik at funnet kan fjernast (gravast ut av eit museum) eller kreve justeringar av planen slik at funna blir liggjande att i landskapet, normalt sett regulert til spesialområde vern.
   #2
 73     Holtet, Oslo     0
På huset jeg har kjøpt nettopp (Bekkelaget i Oslo) er det ett punkt i kontrakten som sier at man ikke kan grave på tomta uten at man kontakter byantikvaren siden området er "automatisk fredet kulturminne" og at det har vært funn av diverse effekter tidligere i området som er årsaken til dette.

Det burde forøvrig ikke være verre enn at i de fleste tilfeller kontakter man byantikvaren som evt kommer med noen retningslinjer, evt sender noen får å avgjøre hva som er rett for den spesifikke tomta.

På min tomt har det vært gjort en hel del endringer allerede opp igjennom årene, så det bør være grei skuring.

Man vet jo aldri, men tror ikke jeg hadde vært alt for bekymret.
   #3
 1,943     0
I Frank sitt tilfelle vil eg tru at området er regulert for ei god stund sidan, før arkeologiske undersøkingar vart meir systematiske. Tomtene er sjølvsagt lovlige og gyldige, og eventuelle funn skal ikkje vere til hinder for at ein skal kunne bruke området slik det er planlagt i reguleringsplanen.

Alle tiltak som er i tråd med gyldige vedtak, f.eks ein reguleringsplan eller vedtak om dispensasjon, skal normalt sett kunne gjennomførast sjølv om det vert gjort arkeologiske funn under arbeidet. Eit døme er om ein gjer funn når ein skal bygge garage. Ein pliktar å melde frå til fylkeskommunen slik at arkeologar kan dokumentere funnet. Det vil likevel ikkje stoppe garagen, så lenge garagen er omsøkt og gitt løyve til da Wink Arkeologane skal utføre jobben så raskt som råd er (det er reglar for dette), og på statens kostnad.

Dersom arkeologar er inne i FORKANT av at eit tiltak er godkjent, t.d. når reguleringsplanen blir utarbeidd (lenge før tomtene er ute for salg), eller i samband med søknad om dispensasjon, og det vert gjort funn, kan fylkeskommunen legge restriksjonar på området.

Puh.. det var dagens leksjon...
  (trådstarter)
   #4
 44     0
tusen takk for gode svar!
tomtene er ikke lagt ut for salg, det er bare laget en reguleringsplan , har ikke komt igang med graving eller noe enda. det vi fikk høre når det var snakk om slike utgravinger var at det ville koste millioner, og ta årevis. men da er det kanskje ikke så helsvart som noen vil ha det til  Smile
   #5
 1,943     0
Dersom det er slik at det i reguleringsplanprosessen vart påvist kulturminner kan det stemme det du seier. Dersom kulturminnene skal gravast ut har Riksantikvaren gitt dispensasjon frå kulturminneloven. Dermed er det gjort avtale om utgravingar, og dette er ganske sikkert tatt med i vedtektene for reguleringsplanen. Før arbeid kan gå i gang innafor reguleringsplanen må undersøkingane vere ferdige. Det kan hende at det kostar millionar, og at det kan ta år. Ved reguleringsplanar er det tiltakshavar for reguleringsplane, ikkje sjeldan kommunen, som tar kostnadene ved undersøkingane. Det er ikkje staten som betaler i desse tilfella.

Du kan ringe kommunen og spørre kva tomter dette dreier seg om; samt høyre med dei kva framdriftplan det er for dei arkeologiske undersøkingane.