2,426
4
0
Binde renten nå (desember 2007)
16
0
Når vi om ikke så altfor lenge skal starte byggingen lurer vi på om renten burde bindes? Vi ender opp med en lån på 3,1'' og dette er definitivt i overkant av hva vi makter å betjene.
Burde vi binde hele, halve eller bare la renten flyte videre?
Hva har dere valgt i perioden rett etter nybygg?
Burde vi binde hele, halve eller bare la renten flyte videre?
Hva har dere valgt i perioden rett etter nybygg?
Arne
2007: Nordbohus Espira spesial m/sokkel, 320m2
2010: Lekestueprosjekt
Noregs bank spår at vi når rentetoppen i løpet av neste år og at renta deretter vil gå svakt ned og flata ut. Den første figuren viser kva Norges bank (raud linje) og marknaden (=bankane/investorane – blå strek) forventar at styringsrenta skal vera på dei neste åra. Den beste lånerenta bankane gjev ligg ca ein prosent over styringsrenta. Renta fram i tid er imidlertid usikkert som den andre figuren viser. Det er 25 prosent sannsynleg at bankrenta vil vera minst 7,5 prosent og 15 prosent sannsynleg at renta vil vera godt over 8 prosent i 2011. For den som vil ha meir detaljar er figurane henta frå presentasjonen etter rentemøtet til Norges bank 12. desember - http://www.norges-bank.no/Pages/ReportRoot____66055.aspx.
Vi avtalte fastrente på 5.2 prosent i desember 2006 og då såg prognosen ut som i figur 3. Vi valde å stola på Noregs bank og ikkje på bankane og har til no tent godt på det (på papiret vel og merke!).
Fastrente er imidlertid ikkje noko ein bør venta å tena pengar på, men det er meir ei forsikring. Bankane tar seg betre betalt for å tilby fastrentelån, og dersom dei spår rett, vil ein tapa litt på å ha fastrente. Fastrenta kan samanliknast med renta på statsobligasjonar (http://www.norges-bank.no/Pages/Article____55496.aspx) og det viser at bankane tar ca ein halv prosent ekstra i betaling for fastrente. Den viktigaste grunnen til at folk taper penger på fastrente er imidlertid at dette vert avtalt på feil tidspunkt. Mange avtalte fastrente i 2002 då renta var 8 prosent og ein ikkje hadde råd til ei ytterlegare auke. Rett etterpå rasa dei flytande rentene nedover. Det mest gunstige tidspunktet å inngå fastrente var kanskje i 2006 då ein kunne få 10 års bindingstid for ca 5 prosent, men då var den flytande renta låg og få tenkte på det…
Som nemnt er fastrente mest ei forsikring og ikkje noko ein bør venta å tena mykje penger på. Vi har alle forsikring på bilen, sjølv om vi ikkje planlegg å havna i ei ulukke. Så langt alt går bra er jo det å kasta pengar ut av vindauget…
Nesten ingen såkalla ekspertar i Norge tilrår fastrente fordi det ikkje løner seg på sikt, men det er verdt å merka seg at vi er eit av dei landa i verda der færrast har fastrente. Eg synest i alle fall det er greit å kanskje betala litt ekstra for å sova godt om natta utan å uroa meg for kva veg renta går.
Å ikkje betala avdrag og investera dei i aksjemarknaden på toppen av ein høgkonjunktur er i beste fall dristig viss ein har ein stram økonomi. Valutalån er enno meir usikkert, det skal ikkje meir til enn ein dupp i oljeprisen før ein kan tapa veldig mange pengar på dårlegare kronekurs.
Mitt beste råd er å stola på deg sjølv og hugsa på at veldig mange såkalla ekspertar og rådgjevarar eigentleg er seljarar med ei eigeninteressa. Berre spør innbyggjerane i dei 4 Terra-kommunane
Barometer for fast rente: http://e24.no/verktoy/kalkulatorer/rente/?side=fast
Barometer for flytande rente: http://e24.no/verktoy/kalkulatorer/rente/?side=flytende
Lukke til med vurderinga!
Til slutt ei påminning om at ekspertane ikkje alltid har rett:
(Dagbladet, 100205):
”De fleste økonomiekspertene har de siste månedene spådd av Norges Bank vil sette opp renta i løpet av året eller i alle fall i løpet av 2006. Den eneste som har talt dem midt i mot er sjeføkonom Jan Andreassen i Terra Securities. Han tror renta går ned i år, og har tidligere sagt at Norges Bank i løpet av året setter ned styringsrenta fra 1,75 til 1,50 prosent. I dag svarer han deg i nettmøte her på Dagbladet.no. Og du trenger ikke spørre ham om du skal binde renta, for det er han helt klar på. - Det er ingen grunn til å være redd for renteoppgang i mange år framover. Norges Bank har ingen behov for å gjøre noe med renta, vi har ikke et inflasjonsproblem i Norge, sier Andreassen til Dagbladet.no.”