2,067    3    0  

Disp. fra reguleringsplan, hva må til?

 3     Kristiansand     0
Har noen tips på hvordan man skal gå frem for å få en søknad godkjent hos kommunen, der f.eks str er i strid med det som står i reg.planen? Den er regulert til 50kvm men vi ønsker større. Men de avslo søknaden blankt. Hvordan komme best mulig igjennom med klagen?

   #1
 1,943     0
Det heiter seg at det skal spesielle grunnar til, og desse må du spesifisere. Kva spesiell grunn er det til at du skal få lov?

I utgangspunktet er det ikkje grunn at naboen har fått lov til det samme.
Det er heller ikkje grunn at dette er noko som ein har lyst på og som det er plass til.

Mange kommunar praktiserer lova litt lausare da; særlig dette med at andre har fått lov til det samme. Det er også svært vanlig å gi dispensasjon frå krav om tomteutnyttelse eller endring av takvinkel.

Mange kommunar tar hensyn til ting som ein strengt tatt etter lova ikkje skal ta hensyn til. Dette er t.d. argument som at dette ikkje sjenerer nokon, eller at det ikkje er til hinder for fri ferdsel (særlig om dette er standsona). Dersom du kan komme med slike moment kan det kanskje ha utslag for saka.

Eg har sett at mange kommunar ser det som ein spesiell grunn at søkaren eller  nokon i familien har eit handicap som gjer at tiltaket er bra (veg for rullestolbrukerar el.l).  Det er også eit pluss dersom tiltaket gir landskapsmessige fordeler, f.eks at det vil gjere at tidligare inngrep vert mindre skjemmande o.l.