4,026    6    0  

Ombygging naust

 5,725     0
Skal resturera/bygge om eit gamalt naust, legge på ca. 6-7m2 og bygge det 1/2 m høgare.
Nokon som veit kva krav kommunen vil stille til søknad?
Forenkla/full søknad/dispensasjon??
Vil helst ikkje kontakta dei før eg veit litt meir.

Og kjem det nye krav 1 juli har eg hørt om?

   #1
 1,943     0
Ja, det kjem nye krav frå 1. juli som inneber ei innskjerping når det gjeld å gi dispensasjonar.

Eg er usikker på kva krav kommunen vil ha til eit slikt tiltak som du skisserer under. Kor gammalt er naustet forresten? Er det i ein reguleringsplan?
  (trådstarter)
   #2
 5,725     0
Nærmare 100 år, og ligg i LNF område og er til bruk i landbruksnæring, så det er greit innanfor reguleringa, ja.
Men eg fekk tillatelse å bygga ein molo (også i næring) i samme området, og då måtte me ha dispensasjon ifrå gjeldande kommunedelplan sidan den går ut i sjøen.
Naustet er jo på land, og treng vel då ikkje disp. slik eg ser det.
   #3
 1,943     0
Eg er ikkje stødig nok på kommunal saksbehandling, så du får nok best svar hos kommunen (eller nokon her inne som har betre peil på dette). 

At naustet ligg regulert til næring i reguleringsplanen er jo bra for di sak. Du får sjekke planen kva vedtekter som er knytt til reguleringsformålet. Det er ikkje sikkert du treng å søke om dispensasjon, men du må melde det inn til kommunen. Tippar eg.

I følge Kulturminneloven skal kulturvernmyndigheter ha til uttalelse alle søknader som gjeld riving eller endring av bygningar eldre enn 1850. Eg forstår det slik at ditt naust ikkje er så gammalt, så her står kommunen meir fritt til å sjølv vurdere verneverdien for bygget. Dette kan spele ei rolle når du søker, men i dei fleste tilfeller ikkje.
  (trådstarter)
   #4
 5,725     0
Kommunen støttar ombygginga med kr. 140 000,- fordi det er verneverdig, men det er jo naturligvis ei heilt anna avdeling..
og ombygginga er iht. den tidlegare byggeskikken (tørrmur og grindverk).

Når eit område er LNF er det vel ikkje nokon vedtekter, det er vel nærmast uregulert.
Men alt i 100 m beltet skal vel ha eigen reguleringsplan ifrå 1 juli trur eg.

Me sender ein epost til kommunen først for å "lodda" stemmingen.
   #5
 1,943     0
ah, så klart, når det er LNF, sorry. Tenkte næring som regulering til meir industriformål, det er sjølvsagt LNF Smile

  (trådstarter)
   #6
 5,725     0
Det vart full søknad inkl. dispensasjon .....

Mykje papir & penger....|