2,113    2    0  

Reguleringsplan lagt ut til offentlig ettersyn

 44     0
hei!
hva betyr egentlig at en reguleringsplan skal legges ut til offentlig ettersyn? Hvor lang tid vil det ta før vi eventuelt kan komme igang og bygge? Hva skjer videre? Noen som har peiling?  ???

   #1
 1,943     0
Offentlig ettersyn er perioden der "alle" kan komme med innspel til ein reguleringsplan. Det er kommunen som sender ein plan til offentlig ettersyn. Den som kan gi innspel er privatpersonar, lag og organisasjonar, offentlige etatar (fylkeskommune, fylkesmann, forsvaret, vegvesnet, kystverket etc etc etc). Dei melder inn sine interesser i planen, f.eks at omsynet til barn og unge ikkje er bra nok, om der er for lite omsyn til landskapet, om der er viktige naturområder som ikkje blir tatt godt nok vare på m.m.

Normalt ligg planen til offentlig ettersyn i 4 veker, etter 1. juli er det 6 veker. Etter høyringa vil kommunen vanligvis omarbeide planen litt for å imøtekomme ein del av innspela. Etter dette kan dei eigengodkjenne planen, dvs. slå fast at SLIK vil vi ha det i dette området. Etter eit slikt vedtak kan ein klage på eigengodkjenninga, eg meiner klagefristen er 3 veker. Dersom det ikkje kjem klage, har ein ein gyldig og godkjent reguleringsplan der alle partar har blitt høyrt, og alle er einige.

Du kan søke dispensasjon og bygge før reguleringsplanen er godkjent, men normalt vil ikkje ein kommune gi slik dispensasjon. Dersom det er slik at kommunen jobbar med å fremme ein plan for dette området vil det normalt sett vere lurt å vente dei ekstra vekene det tar, og heller bygge etter at planen er godkjent. Dette gir det visse rettigheter som ingen kan ta frå deg (dersom du bygger i tråd med planen vel og merke, held deg til tillate mønehøgde, utnyttelsesgrad o.l )