20,254    38    0  

Mariana: Dette rakk eg før jul:-)

 869     0
Som husbyggjar er det ikkje reint lite eg skal rekkje før jul, men eg har heldigvis hjelp til mykje av det. Nokre av prosjekta gjer eg stort sett utan noko særleg hjelp,  anna enn bæring og løfting.

Det to fyrste prosjektet er å få opp ei kjøkkeninnreiing frå Ikea, det andre er å få opp fire stk gardeobeskap.  Da set eg i gang!
Siste redigering: Monday, October 7, 2013 6:05:20 PM av psv021
Signatur

   #1
 3,412     Akershus     0
En av måtene å vinne på er å ha flest prosjekter.  Kjøkkeninnredning pluss fire garderobeskap høres ut som fem prosjekter  :-)  Det er en sterk start!  :-) 

Kanskje innfelling av kokeplate i benkeplaten egentlig er et eget prosjekt?  Smile
Signatur
   #2
 1,340     Oslo     0
Bra @Mariana - gleder oss til å se resultatet!

Dette synes jeg absolutt kvalifiserer til to prosjekt. Det jeg lurer litt på nå om vi kunne funnet en løsning hvor du kan fortsette å skrive i den egentlige prosjekttråden din men allikevel telle i konkurransen. Noen forslag?

Imellomtiden ønsker vi deg lykke til med prosjektene ;)
Signatur
  (trådstarter)
   #3
 869     0
Eg kjem også til å oppdatere i den andre tråden min:)

PROSJEKT # 1


Ja, here it goes:

Eg har altså montert alle skroga, dette brukte eg ca tre kveldar på. Fordi eg har kjøpt meg ei xl oppvaskmaskin, tenkte vi at for å vere sikre på at ho ville passe under benkeplata så satte vi sokkelhøgda på 17.5 cm. Vi skrudde så opp lister på dei tre veggane der det skal vere benkeskap, slik at skroga kunne kvile på denne lista. Genialt, spesielt sidan Ikea ikkje hadde sendt med meg nok bein til alle skapa.

Vi satte så på plass alle skroga og festa dei i kvarandre og skrudde dei fast i veggen. Oppvaskmaskina fekk plass ogsåSmile Alle skuffene, dørene og innreiinga kom så på plass. Genialt! Vi var veldig nøgde med dette.

Så begynte vi å sjå på sokkellistene.. Vi var plutseleg ikkje fullt så nøgde lengre.. Dei er jo berre 16 cm..

Så: ta ut alle skuffene, skru ned alle skapa, flytte dei bort, skru ned lista, flytte den ned, skru den opp, sette på plass alle skapa, skru dei fast i veggen igjen, sette inn alle skuffene. Det tok berre ein heil dag.. Oppvaskmaskina passa fortsatt på 16 cm...

I går pakka vi ut benkeplatene mine, totalt fire stk. Nydelege, svarte benkeplater. Det såg veldig stilig ut da vi fekk lagt dei oppå skroga. (Benkeplater er tunge ting!)

Men, så ser vi det. Den eine benkeplata er for kort, ca 5 cm manglar.. Den andre har fleire stygge merker.. Hektisk telefonering med Ikea for å få sendt inn reklamasjon. I skrivande stund har eg ikkje høyrt noko frå dei, men eg reknar med at eg får att nye benkeplater. Problemet et vel berre at det tek laaang tid...

Eg ventar også på nye dører til kombiskapet mitt. Dei har sendt meg feil dører, men dette erstattar dei sjølvsagt.

I morgon reknar eg med at vi skal sage hol til platetoppen og oppvaskkummen.


Elles er eg strålande nøgd med Ikea. Eg har skrudd saman heile kjøkkenet sjølv, utan å treffe på problem. Det er faktisk så enkelt at sjølv eit kvinnfolk kan klare det!  ::)

Moderator: Lenket "den andre tråden" i første setning.
Siste redigering: Wednesday, October 2, 2013 5:37:29 PM av psv021
Dette rakk eg før jul:-) - Kjøkkenpåbegynt1.jpg - Mariana
Dette rakk eg før jul:-) - Kjøkkenpåbegynt2.jpg - Mariana
Dette rakk eg før jul:-) - Kjøkkenpåbegynt3.jpg - Mariana
Dette rakk eg før jul:-) - Kjøkkenpåbegynt4.jpg - Mariana
Signatur
  (trådstarter)
   #4
 869     0
PROSJEKT # 2 Sette sammen diverse flatpakka møbel

Har gått til innkjøp av 4 stk garderobeskap fra Ikea. Nå gjenstår det bare å sette på dørene på de to skapene som har skyvedører. 

Eg har også skrudd saman baderomsinnreiinga i dag.


(Eg kjem til å ta bilete av alle prosjekta når dei er heilt ferdige)
Dette rakk eg før jul:-) - Garderobe1.jpg - Mariana
Dette rakk eg før jul:-) - garderobe2.jpg - Mariana
Dette rakk eg før jul:-) - garderobe3.jpg - Mariana
Dette rakk eg før jul:-) - Bad1.jpg - Mariana
Dette rakk eg før jul:-) - Bad2.jpg - Mariana
Signatur
  (trådstarter)
   #5
 869     0
PROSJEKT #3 Garasje

Garasjen må opp før jul:-) Denne er på 6x6 meter og vi har fått på plass plate og grunnmur.
Dette rakk eg før jul:-) - 20131006_155856.jpeg - Mariana
Signatur
  (trådstarter)
   #6
 869     0
PROSJEKT #4 Innfelling av platetopp og vaskekum.

Tapet med gaffa fyrst, borra og saga etterpå.

Mariana: Dette rakk eg før jul:-) - Platetopp.JPG - Mariana
Mariana: Dette rakk eg før jul:-) - vaskekum.JPG - Mariana
Signatur
  (trådstarter)
   #7
 869     0
PROSJEKT # 5

Ja, medan vi byggjer garasje og skrur saman flatpakka møbel, så må eg også få montert dusjdørene. Veit ikkje heilt om det er rekna som eit prosjekt, men eg tek det likevel med.  Det er rimelege dusjdører frå Megaflis; 1295,-


PROSJEKT #6

Montere gardinstenger i alle soverom, samt gardinskinner på stue og kjøkken. Gardinskinnene er frå Ikea, dei var ganske dyre. Trur det vart 2000 kr for vindauga mine, så eg håpar det blir bra.


PROSJEKT # 7

Eg må også få bygt eit inngangsparti. I og med at huset mitt må ha trinnfritt inngangsparti (jmf husbanken sine krav) så må eg prøve å få til dette.. Vi har planane klare, men eg er fortsatt spent på korleis det blir..

PROSJEKT #8

Eg MÅ få beisa ferdig huset før det blir for seint.. Alle helst garasjen også, men i og med at minusgradene kjem snikande på her, så veit eg ikkje om eg rekk det.. Men resten av huset må i allefall blir ferdig..

PROSJEKT #9

Støttemur. EG skal ha ein støttemur som går frå garasjen og bort til innkøyringa mi. Dette for å sleppe at all snøen blir måka ned på mi tomt og for at det skal sjå litt betre ut der.

PROSJEKT #10

Tomta mi grensar mot ei stri elv, som ender i ein skummel foss. Ikkje ideelt når ein har ein nyskjerrig fireåring.. Dette får eg ikkje gjort før dei har planert tomta, men eg håpar vi rekk det før grunnen frys til.

Signatur

  (trådstarter)
   #9
 869     0
Det går framover, men vi er vel ikkje veldig imponerte over teikningane som fulgte med..Du kan sjå inne på den amdre tråden min kor langt vi har komme:-)
Signatur
  (trådstarter)
   #10
 869     0
PROSJEKT #11 Montere alle håndtaka på kjøkkeninnreiinga.. dette var litt av ein jobb, har borra og skrudd på omtrent 1/3 i dag.
Signatur