3,154    5    0  

Dette vil ariens rekke før jul

 1,387     Tromsø     0
Eg skulle køyre diverse på fyllinga for junior, bl.a. eit klaffebord og ein stol som har vore mishandla ved å stå ute fleire somrar, og platene ser ut deretter. Merkeleg nok er ikkje liminga gått opp.
Eg synest det er for gale å kaste dette, så eg prøver å restaurere det før jul. Men eg anar ikkje kor eg skal bruke det. Har strengt tatt ikkje plass til det.
Dette vil ariens rekke før jul - IMG_3898.JPG - ariens
Dette vil ariens rekke før jul - IMG_3900.JPG - ariens
Dette vil ariens rekke før jul - IMG_3901.JPG - ariens

  (trådstarter)
   #1
 1,387     Tromsø     0
Eit steg vidare på miniprosjektet. Gjekk over plate og stolsete med bandslipar, og fjerna dei verste trevlane, men greide ikkkje å slipe vekk alt som er blitt grått.
Kona foreslo at eg set inn med matolje. Og så kan vi bruke bordet til å utvide spisebordet når vi skal dekke på til storfamilien.
Dette vil ariens rekke før jul - IMG_3915.JPG - ariens
Dette vil ariens rekke før jul - IMG_3917.JPG - ariens
  (trådstarter)
   #2
 1,387     Tromsø     0
Då er miniprosjektet ferdig, med litt forandring underveis. I staden for olje blei alt malt bomullskvitt. Litt meir arbeid. Og vanntynna maling er ikkje berre berre å få fin, spesielt var stolen vrien å male. Eg snudde bord og stol opp ned og malte ferdig det som var naturleg å male frå undersida, og resten når det var tørka.
Det var ein altfor kort labank til å støtte klaffen, så eg laga ein ny og lenger.

Nå får det ein ny sjanse. Den opprinnelege eigaren var glad for at det blei tatt vare på og pussa opp.
Dette vil ariens rekke før jul - IMG_3926.JPG - ariens
Dette vil ariens rekke før jul - IMG_3927.JPG - ariens
Dette vil ariens rekke før jul - IMG_3929.JPG - ariens
Dette vil ariens rekke før jul - IMG_3933.JPG - ariens
Dette vil ariens rekke før jul - IMG_3934.JPG - ariens
Dette vil ariens rekke før jul - IMG_3937.JPG - ariens
   #3
 1,340     Oslo     0
Kjempefint - bra jobbet!

Det er mange møbler som ikke har kvaliteter som lar seg pusse opp etter en tids bruk. De som har disse kvalitetene må man ta vare på :)
Signatur