146    0    0  

Erfaring med Aveplast - vindu fra Litauen

 2,984     Vestlandet     0
Eg vil advara andre frå å bruka dette selskapet. 

Eg har handla PVC vindu og dører til heile huset frå eit Litauisk selskap, som heiter Aveplast. Me ønska pvc vindu og var i kontakt med, og innom, fleire selskap då me var i Litauen. Valet falt på Aveplast, då kvaliteten verka god, dei kunne levera akkurat det me ønskja og selskapet verka seriøst og profesjonelt. Dei hadde òg erfaring med å levera til Norge og Skandinavia. Dei var dog ikkje billigast.
Det som var viktig for oss, utanom u-verdi og kvalitet, var mulighet for opning utover på vindruene, foringsspor (ikkje så vanleg utanfor Norge) og at selskapet tok seg av levering heile vegen til huset vårt. 

Kontrakt vart signert, og vidare avtaling vart gjort på epost. Halvparten av summen vart betalt ved produksjon, og siste halvpart vart betalt ved sending frå Aveplast. Dette er meir eller mindre standarden i Litauen har eg forstått. 

Me hadde på denne tida overteke eit hus på andre enden av landet enn der me budde. Me ville ikkje flytta fær året etter. Dette vart tydeleg kommunisert til Aveplast og. Me kunne altså ikkje kontrollera vindruene eller signera for leveransen.

Første problem oppstod då vindruene og dørene var på veg frå Litauen. Me fekk epost og vart opplyst om at vindruene og dørene kom på to store pallar. Me måtte derfor ha ein truck klar i hagen for å løfta av traileren. Eg forklarte at me har ikkje truck, som dei fleste private kundar, og at avtalen var levert "på døra" så det var deira ansvar å levera dei. Dei var ikkje levert før dei var av traileren. Her vart det mykje fram og tilbake, då me absolutt ikkje hadde høve truck eller krane i hagen. Det endte med at me fekk levert med kranbil som heisa pallane på plass i hagen. So far so good.

Nokre veker etter dette mottok eg faktura frå DHL på ca. 4 500kr ekstra for bruk av krane. Eg opplyste om at eg har ikkje kundeforhold, eller tinga krane hjå DHL, så dette må adresserast til Aveplast. Me hadde allereie betalt avtalt sum for levering. Dette gjekk mange rundar over fleire veker, før faktura vart kansellert.

Me flyttar sørover og skal flytta vindua inn i garasjen. Då oppdagar eg at ingen av vibdua eller dørene har foringsspor, som var tydeleg spesifisert fleire gongar skriftleg. 

Det er òg feil på to ytterdører, då altandøra har låsevridar på innsida, medan ytterdørene ikkje har dette. Dette var òg tydeleg avtalt. 

Eg tek nontakt med Aveplast på ny, for å få orden på dette. Dei nektar å ta ansvar fordi dette ikkje vart meldt frå med ei gong. Etter mange rundar med klager vil Aveplast koma oss i møte og tilbyr oss å KJØPA nokre plastklips som skal gjera føring enklare. Desse er synlege og stygge, så me er ikkje interessert. Ingen hjelp å få, uansett kor mykje eg purrar på. 

Eg oppdagar ved montering at det ikkje Føljer med desse metallbeslaga/festene til montering. Dette er jo einaste måte å montera PVC dører og vindu, då det ikkje er mogleg å skru i karm. Ulike produsentar har ulike metallbeslag. Eg tek igjen kontakt for å få sendt opp slike beslag, men ingen hjelp å få. Dette var dog ikkje spesifisert i avtalen at skulle medfølja. Aveplast visste altså ikkje at vindruene skulle monterast. Her hadde me nok ikkje noko tydeleg krav, men eg har montert pvc vindu frå ulike leverandørar før, det har òg fleire eg kjenner, og desse minteringsbeslaga har alltid fulgt med. Løysinga vart å få tak i nokre beslag andre hadde igjen frå andre vindu og nokre eg hadde frå tidlegare vindu, og juksa til feste av desse. 

Aveplast slutta no heilt å svara på alle henvendelsar frå meg. 

Her om dagen kom eg på å festa desse små plasthettene på dreneringskanalen på vindruene. Dei passa sjølvsagt ikkje. 

Aveplast har vist seg å vera det minst seriøse selskapet eg har handla med. 

Vurderer du vindu frå utlandet, unngå Aveplast. Det er mange andre, betre, selskap der ute. 
Signatur