96    5    0  

Smal låskasse, innerdør, 1960-talet

 974     0
hei forum,

vi har ei innerdør med ei låskasse som er smalare enn alt eg kan finne på marknaden.
Avstand frå dørkant til svingpinnen er 36 mm, mot "normalt" 45.
Sjølve kassa er 56 mm djup.  sjå bilete nedanfor.

Låskassa er i ei innerdør i eit tilbygg som kom til om lag midt på 1960-talet.  I teorien kan det vere ei brukt dør (så kanskje frå 1950-talet). Ingen andre dører i huset har slike låskasser.

Er det nokon som har sett noko liknande, frå leverandørar eg ikkje har tenkt på?
(Ser bort frå spesialkasser som kostar meir enn ei ny dør ...).

Låskassa har gjort sitt; eg tvilar det er bergingsvon.  Eg vil helst sleppe å frese/hogge ut meir plass innover (mest fordi det er metallstifter der, som vi øydelegge alle eggar som kjem nær), eller lage nytt hol til svingpinnen/dørhandtaket.
Smal låskasse, innerdør, 1960-talet - IMG_0023.JPG - ivar

TSt
   #3
 14,509     0
Jeg hadde håpet på en tall betegnelse. Da finnes det ofte ekvivalent tabeller og overgang fra gammel til ny låskasse.
  (trådstarter)
   #4
 974     0
nei... no har eg skrapa vekk malinga, men det står ingenting anna enn "NIOO".
(gjev "NIOO" noko meining?)
  (trådstarter)
   #5
 974     0
Ei oppdatering...
- eg enda med å kjøpe ei brukt dør. Fann ei grei dør til kr. 300,- på finn.no (med låskasse).

Og så "dissekerte" eg den gamle døra. Det viste seg at det var ei entre-dør som hadde hatt glasvindauge.
Difor var låskassa så smal.
Glaset var fjerna; trespiler var sett inn i opninga, og volumet fyllt med steinull. Ei 3 mm trefiberplate var stifta på kvar side av døra, og vipps - så hadde ein ei grei og rimeleg dør mot eit "halvkaldt" (uisolert) rom. Dette må ha skjedd om lag 1965-67. Døra var rimelegvis "frigjort" ved ombygging/oppussing, men kan ha kome utanfrå som brukt.
Då kan vi skyve produksjonsåret iallfall tilbake til midt på 50-talet. Det vart importert ein del svenske materialar til området på 50-talet, så døra kan ha vore med på eit slikt lass.