174    2    1  

Dusj rett på flis med badekar "oppå".

 2,987     Vestlandet     0
Barna elskar badekar og eg vil ha dusj. 

Er det mogleg å bygga dushjørne/dusj rett på flis, og så berre setja inn eit badekar der? 

På den måten kan barna få badekar og kosa seg dei åra det er interessant, men når dei vert eldre kan eg berre hiva ut badekaret og nytta dusjen som allereie er der. Evt må det monterast opp ein glassvegg der først.

Eg har vurdert begge delar i same rom, men det vert litt smør på flesk plassmessig med 2 dusjar og eit sstort badekar i huset. 
Signatur

  (trådstarter)
   #2
 2,987     Vestlandet     0
Det var noko slikt eg tenkte til løysing. Supert, Mestertomas.

Då vil eg tru det og skal gå fint å byggja opp eit heilt vanleg dusjområde, for så å smyga inn eit standard badekar, viss det er ønskeleg? 

Då kan eg kanskje spara plassen ved å ha dette separat.

Dette er tenkt i "hovudbadet" i same etasje som soveromma. I same etasje som kjøkken og stove vert det "vanleg" dusj på lite bad. Denne vert sikkert kun brukt dersom den andre er opptatt.
Signatur