4,423    2    0  

Montere luftehette for soil gjennom taket

 974     0
hei

Vi har fått lagt nytt tak; med Zanda betongstein.
Men det manglar luftehette for avløpet (soil).

Byggmeisteren som la taket har ikkje tid (eller lyst?) til å
montere luftehetta. Og det same gjeld resten av bransjen.
- så då tenkte eg kanskje å gjere det sjølv.

Er det nokon her som har gjort det?

Spørsmålet er naturlegvis korleis ein kan vere sikker på at det vert tett der kanalen kjem gjennom takpappen.

Eg har kjøpt luftehetta, men forklaringa som følgjer med seier ikkje noko om tetting kring pappen. (berre om tetting mot steinen.)

   #1
 225     0
Jeg monterte nylig en flexit takhatt som har 160mm luftavkast og 110mm soilavlufting. Denne består av to deler, en underdel med krage du dytter delvis under og delvis over underpappen og en overdel med gummiduk du tetter mot taksteinen. Meget lettvint og rask montering og ser veldig tett og bra ut. Er det noe i nærheten av dette du har?

Hvis det kun er en hatt som skal passe mot taksteinen og ikke underdel får du satse på en vannaviser (skrålist) rett over ventilen som leder vannet på bortsiden av neste sløyfe, krysskjære underpappen i hullet vertikal/horisontalt slik at flikene bøyer opp langs røret og dermed gir en plogform oppover, og generelt grise skikkelig med sikaflex over alt.





  (trådstarter)
   #2
 974     0
takk for svar.

Flexit har iallfall meir detaljert rettleiing enn Monier (Zanda); denne var beint fram informativ...

Det er ein underdel - to firkanta stålkragar (L-forma tverrsnitt). Det ser ut til at den eine skal kome opp nedanfrå den andre skal setjast ned i eller på denne.
(- men dette er litt uklart - trudde eg skulle sleppe å gjere store inngrep for å kome til taktroa frå innsida....).
Så skal overdelen (stussen) med gummiduk ned på på dette i gjen. Men feste (skruar) står det ingenting om. Det er kanskje nok med fugemasse?