1,557
12
0
Oljing av endeved og grunning av kledning
2,987
Vestlandet
0
Har i løpet av vinteren og våren montert ferdiggrunna kledning.
Planen var i utgangspunktet å grunna endeved og alle kuttflater eit strøk eller to før maling. Kjøpte derfor eit spann grunning.
Så les eg at endeved/skøytar og spikerhol bør oljast. Er olje nødvendig? Om så, kva olje bør nyttast?
No når det nermar seg maling, ser eg at eine veggen har såpass slitt grunning etter nokre mnd i sol, regn, vind og snø, at den nok bør vaskast og grunnast på ny.
Bør ein grunna alle veggane før maling, sjølv med ferdiggrunna (tyyyynt lag) kledning?

Signatur
Viktig at en ikke bruker feil grunning iallefall.
Grunninga eg har to spann av i kjellaren er Butinox akrylbasert grunning. Det skal få to toppstrøk med Butinox Futura Soft look (avgjort av fargeansvarleg/kona).
Edit: denne skal visst, såvidt eg såg på spannet, har denne grunninga "soppmiddel" i seg.
Eg er litt usikker no, ettersom eg ønskjer at kledninga skal vara og vara. Eg vil ha minst mogleg vedlikehald og utskifting i framtida. Derfor ønskjer eg å gjera alt så bra det kan gjerast i utgangspunkte, for eit varig resultat.
Så, kva må til etter kledninga har komt på veggen, for å få eit mest mogleg varig resultat?
1) Dei veggane som har stått lengst bør vaskast med kraftvask? Kledninga på eine veggen har stått to veker. Den treng ikkje vaskast, men kan malast med ei gong?
2) så må det påførast sopp/algemiddel?
3) så grunnast på ny, inkl grunning av endeved og kuttflater?
4) så mala 2 toppstrøk?
Edit: "Butinox Futura Grunning inneholder aktive midler mot svertesopp, og inneholder i tillegg effektive biocider mot råtesopp."
Jeg ville gjerne hatt på noe sopp og alge middel først men står ikke i oppskriften.
Då trur eg at eg gjer det slik:
Nyaste veggen får grunning av kuttflater, endeved osv (som tenkt i utgangspunktet). Så 2 toppstrøk.
Dei 2 veggane som har stått lengst vert vaska med kraftvask, ein runde sopp/alge middel, 1 strøk grunning (nesten slitt vekk fabrikkgrunning), så to toppstrøk.
Me får uansett ikkje tatt meir enn ein vegg i gongen, pga stillas osv.
Er eg inne på ei god løysing?
Omramming til vindauger, hjørnekassar osv vert impregnert trevirke. Desse vert ikkje montert før maling. Desse vert tilpassa, så grunna og malt 2 strøk før montering.
I fjor kom de også med en alternative løsning med sopp / algemiddel i husvask / kraftvask.
Tror det bidrar noe i vaske prosessen også og så regner de vel med at en ikke klarer å skylle bort alt.
2 veggar vaska med kraftvask i dag.
Kor lang tørketid bør eg rekna etter vask, før det er malingsklart? Lett bris, litt sol og rund 10 grader.