203
5
0
Tetting
4
0
Hei! Eg har vore uheldig og fått ei lekkasje. Grunnen til det vert no fiksa snart, men eg lurer på kva som er best å gjere, så eg håper nokon vil hjelpe meg med det. Eg har flatt tak, med glasrekkverk. Glaset står i ei aluminiumsramme, som er festa ned i treverk. Det er ikkje tett gummilist på innsida og utsida av glaset. Difor renn vatnet ned i ramma, og så renn vatnet vidare på utsida av duken, og så til oversida av vindauget, der det fylgjer duken inn over vindauget. Det med vindauget har eg funne ei løysing på no, men eg tenkte eg skulle ha beslag under aluminiumsramma, som då går på innsida på taket, og på utsida av bordkledninga. Så vil eg tette med skikkeleg tettemasse, som ikkje krympar. Ein blikkenslagar sa at det kanskje var betre å lage beslag separat på innsida og utsida, og tette med ei skikkeleg gummilist, men eg trur ikkje det blir noko fint. Kva trur de?
Tusen takk for svar! Sånn her ser eg det føre meg. Så tenkjer du at eg skulle hatt eitt lag til med duk innafor kledninga?