93    0    0  

Ventilasjon frå bad ok kjøken i same ventil. Eventuelt styring av Flexit frå Silverline eller andre merke?

 1     0
Pussar opp leiligheita og har kome fram til at det beste vil vere å sende lufta frå badet og kjøkenet ut igjennom ventilen over komfyren.

Har de nokon gode forslag til å ordne dette? To sett med rør ut den same kanalen reknar eg med vert både dårlig og vanskelig.

Flexit USV ser ut som ei god løysing https://megaflis.no/flexit-skapvifte-usv-senter.html

Problemet er at kjøkenhetta til flexit: Tradition-s er så idiotisk dyr. Versjonen av vifta med motor, og alle dei stygge gammaldagse variantane er mykje billigare, så dette er monopolutnytting, altså vil eg gjerne unngå å bidra til det, i tillegg til at eg eventuelt sparar litt sjølvsagt.

Silverline og forskjellige andre har billigare variantar. Er det mulig å bruke nokon av desse?https://www.whiteaway.no/hvitevarer/kjokkenventilator/uttrekks-kjokkenventilator/product/silverline-sl1150ext/

Eventuelt har de nokon andre forslag?