103    2    2  

På utkikk etter kabel for tilkopling av 12 V batteri til naudstraumanlegg

 82     1
Hei!

Eg har kjøpt meg eit naudstraumanlegg av denne typen her: https://arnebergli.no/produkttype/nodstromsanlegg/ Det er no montert opp og kopla til av elektrikar, det einaste eg manglar å gjere er å kjøpe eit høveleg batteri og kople det til systemet.

For å gjere det så treng eg to kablar for å kople pluss- og minuspol på batteriet til sjølve anlegget. Dette er greitt nok, her treng eg i utgangspunktet berre to stykk 16 mm2-kablar. Men så er saka at på den kabelen som skal gå til plusspolen så skal der vere ei sikring på minimum 150 A. Eg tenkte kanskje det var råd å finne ein kabel med slik sikring innebygd, men det eg har funne så langt er for spinkelt (for lite kabeltverrsnitt og/eller for lita sikring).

Er det nokon som veit om ei grei ferdigløysing som kan passe til dette? Viss ikkje lyt eg berre få elektrikaren til å rigge til eitkvart eller byggje saman noko sjølv med høvelege komponentar.

Eg skulle no tru noko slikt som dette var å få tak i...?