2,764    1    0  

Vannskade - Følgeskader m.m.

 1     Møre     0
Eg engasjerte ein lokal entrepenør til å skifte tak på huset - eit eldre hus frå 1933 med shingelgtak. For å forsikre meg om at dette vart 110% skikkeleg fjerna dei først eitt lag med gammel shingel og ett lag med gammel papp. Det var heldigvis lite skade på tro-borda under, men noko måtte skiftast.

Dei fjerna HEILE taket i ein operasjon. I denne tida stod taket "ope" - dvs. tro-borda var einaste dekke. For å sikre seg mot lekasjer vart det brukt presenningar i opptil fleire lag. Men ei natt hende det... Det bles opp og regna kraftig - med det resultatet at deler av presenningane bles av/losna  og vatn fekk fritt tilgang til huset mitt Sad

Om morgonen når eg stod opp regna det bokstavleg tala på soverommet... Sad Sad

Heldigvis hadde entrepenøren ansvarsforsikring - og han tek ansvar og ynskjer å rette opp skaden han har påført meg. :)

Det er tre rom som har fått skade. Soverommet, stort bad/vaskerom og gangen/trappegangen. I Tillegg har vatn trengt ned også i 1.etg og gjort skade på ein vegg i inngangspartiet. Inngangsdøra (eldre mahogny-dør) står no under press - truleg som følge av at treverket rundt har trutna.

På badet er det meste ok. Dette var rehabilitert frå før. Her vart taket opna og tørka og nye plater lagt. Smile Soverommet og gangen opp nede er det verre med... desse romma var er i hovudsak konstruerrt etter følgande prinsipp. (sett frå rommet og innover i konstruksjonen: overmåla/tapetsert "målarpapp" - stående trepanel (måla) og rupanel på stenderverket.  Stenderverket er berre delvis isolert - og der det er isolert er det blåst inn skum - truleg på 70 talet. Denne Nar no sige samen så rundt alle kanter er ce 1tomme glippe. Det er derfor uaktuelt å opne desse veggane utan å fullisolere dei på nytt!

Når eg no får skifta taka på soverom og gang (same konstruksjon som veggane) på forsikringa til entrepenøren har eg eit problem. Dette let seg vanskeleg gjere utan at vegg-konstruksjonen vert berørt også... og om taket vert isolert og lekta opp for måla plater, vil eg få ein konstruksjon som gjer at eg seinare ikkje vil kunne rive veggane og rehabilitere desse. (sidan lektene/platene då vil gå ndover eksisterande veggar. ) På soverommet var også vindusforingane skada i ei slik grad at dei måtte skiftast. Desse var uråd å skifte ut at også veggen vart øydelagt. så den veggen reknar eg med som ei sjølvfølge vert dekka av forsikringa, men kan eg då forlange at også dei andre veggane vert restaurert? Eg ynskjer nemleg ikkje eit rom der eg har ein gipsvegg - ein sponplatevegg (er ikkje berørt) og to "papp" vegger.

Same problemstillingane har eg i gangen. Taket må skiftast - den eine veggen oppe vert truleg også skifta, inngangspartiet vert tuleg også opna og skifta - kan eg då forlange at resten av veggane samstundes vert restaurerte?

Dette er arbeid som absolutt SKAL gjerast - og som eg i lengre tid har planlagt å gjere, men som ikkje står verken på planane eller budsjettet dei første 3-5 åra. Reknar meg sjølv som ein over gjennomsnittet hobby-snekker/tømrer, så det arbeidet som ikkje krev sertifisering skulle eg utføre sjølv - men no er eg for tida arbeidsufør pga ein større operasjon. Ekstraarbeidet med denne vassakden kan eg difor umulig utføre sjølv.

Eg planlegg å tilby forsikringsselskapet/entrepenøren ein ordning der dei ferdigstiller både soverom og gang klart til sparkling(gips) eller platekledd (planlegg MDF-panelplater i gangen), og at eg sjølv tek arbeidet med sparkling, tapetsering, elektrikararbeid, måling og sluttlisting mot at dei tek resten. Verkar dette som ei OK ordning?


hro
   #1
 1,574     Trondheim     0
I slike tilfleller er det ikkje utvanleg at forsikringsselskapet til firmaet sender ein takstmann for å gå over skadene. I dette blir det gjort ei kartlegging av kva som er naudsynt for å setta rommet tilbake slik som det var før skaden oppsto. Taksten skal ikkje ta med standardhevning.

Når dette er gjort, kan du enten velge å la firma gjera arbeidet som er naudsynt for å rette opp. Alternativt kan du velge å gjera det som eigeninnsats. Det er ikkje uvanleg at du då får et kontantoppgjer ut frå sjablongsatsar på kva en meiner det koster å bytte innvendige tak og retta på skader i vegger/gulv.

Ver obs på at du ikkje får samme kontantoppgjør som timekostnaden til snekker. Prisen på eigeninnsats er litt lågare - men så absolutt eit godt bidrag i oppussinga di.

Lykke til
Signatur