32    0    0  

Etasjeskiljar i ny driftsbygning

 84     0
Morn!

Me er i ein veldig tidleg fase av å planleggje ny driftsbygning. Per i dag har me ei gammal løe frå 30-talet, og denne har sine manglar og upraktiske løysingar, pluss at forfallet (og såleis vedlikehaldskostnadane) begynner å merkast godt.

Noverande løe har ei grunnflate på rett i underkant av 200 m2 (cirka 15 m x 13 m) og to etasjar (eller to og ein halv viss ein reknar med ein gammal møkkakjellar). Av ymse grunnar så ynskjer me ikkje noko større grunnflate på ny driftsbygning, så me vil verte avhengige av å kunne bruke både fyrste og andre etasje til oppbevaring av køyretøy.

I noverande løe er der to garasjar nede, der me har bilane me brukar til dagleg. Oppe har traktoren stått, saman med ein snøskuter, ein del traktorreiskapar og ein tilhengjar. No har me kjøpt ny og større traktor, så den er det ikkje lenger plass til oppe (eller nede, for den del). Dessutan måtte me uansett slutte å parkere traktoren oppe sidan golvet begynte å rotne. Det dreg inn ein del snø og væte når ein brukar traktoren til brøyting heile vinteren.

Ideelt så ser eg føre meg ei ny driftsbygning med tilsvarande løysing som i dag, altså at me har to garasjar nede til bilane, samt plass til traktor og anna oppe. Då må sjølvsagt etasjeskiljar vere dimensjonera for dette. Slik eg ser det så har me tre alternativ:

1) Byggje alt i tre (slik som det er i dag).
2) Ha etasjeskiljar i betongelement/hòldekkje, med enten tre- eller stålbjelkar til å halde det oppe.
3) Byggje fyrste etasje og etasjeskiljar i betong, og andre etasje i tre.

Alternativ 1 er vel det enklaste og billegaste, men òg det eg ser på som minst aktuelt. For det fyrste så vil me framleis ha problematikken med mykje væte som kjem inn, slik at eg er redd me vil få problem etter nokon år. For det andre så slit det mykje på treverket å køyre inn og ut med ein tung traktor med kjettingar.

Alternativ 3 er vel det klårt mest solide, men eg vil tru det òg er det klårt dyraste? Dessutan ynskjer me ikkje den estetikken ein vil få med murvegg i fyrste etasje og trevegg i andre etasje.

Så var det alternativ 2. Per i dag ser eg vel på dette som det mest attraktive, så sant det vil verte solid nok og det vil gå greitt å unngå fuktskadar.

Det beste hadde vore å unngå bereveggar utanom ytterveggane, slik at me kan begynne med ei open løysing i både fyrste og andre etasje, og så byggje skiljeveggar etter kvart som me ser behovet for fleire rom.

Det skal òg seiast at me ynskjer å halde budsjettet for dette prosjektet så lågt som mogeleg utan at det går for mykje ut over kvaliteten. Me ynskjer trass alt eit bygg som skal vare i ein del år. Smile

Så, kva vil folket her tilrå at me ser nærare på som etasjeskiljar når vekt/belastning, slitasje og væte er dei store utfordringane?