168    1    0  

Planlegging av garasje med maks 50 m² BTA

 4     0
Hei!

Driv å teiknar garasje og hadde satt pris på litt tilbakemeldingar frå folk her inne om eg er heilt på bærstur med løysingane mine eller ikkje Unsure.

Utgangspunktet er at eg ynskjer ein garasje med plass til to bilar, ein traktor og litt oppbevaring, men pga. av at garasjeporten kjem til å vende mot huset (ca 4 m avstand) og eg ikkje har greid å finne noko "normal" garasjeport med EI60 brannmotstand, så er eg begrensa til 50 m² BTA. Carport har berre teljande BYA og ikkje BRA eller BTA viss eg har forstått regelverket riktig, så tanken er då ein dobbelgarasje som akkurat er under 50 m² BTA, med loft (der takhøgden er akkurat under 1,90 m sjølvsagt) + ein carport/takutstikk på sida til traktoren Smile.

I brannsamanheng vert  BTA rekna i frå ytterkant kledning så vitt eg har forstått, og med eit grunnmursmål på 6,2 x 7,8 m skal eg akkurat komme innanfor viss eg har dobbeltfalsa kledning på gavlveggane. Eventuelt får eg justere ned til 6,2 x 7,75 på grunnmursmålet.Tongue


Her er det eg har tenkt:
Planlegging av garasje med maks 50 m² BTA - Garasje - perspektiv 1.JPG - sibo

Planlegging av garasje med maks 50 m² BTA - Garasje - plan.JPG - sibo

Planlegging av garasje med maks 50 m² BTA - Garasje - front.JPG - sibo
Planlegging av garasje med maks 50 m² BTA - Garasje - left.JPG - sibo

Har tenkt 3 m høge veggar og taksperre på mønedragar for å få nok takhøgde til løftebukk på delar av garasjen. Takvinkel er "kun" 30° pga. eg er redd det vil sjå merkelig ut viss garasjen får større takvinkel enn huset. Dobbel garasjeport er ynskjeleg (rulleport) for lettast mogleg innkøyring. Pga. dette har loftsgolvet blitt ein slags Reodor Felgen-løysning med ein limtrebjelke på tverrs av garasjen som "overhengande bæring" til ein 2x8 som golvbjelkane igjen er festa i. Viss nokon ser ei mindre komplisert og billigare løysing her så hadde eg satt stor pris på det Smile.

Planlegging av garasje med maks 50 m² BTA - Perspektiv bjelkelag.JPG - sibo


Som mønebjelke vurderer eg ein IPE 330, mest pga. at det er ein til sals på finn akkurat no. Styrke og nedbøyning på denne skal vere ok viss eg har berekna riktig, men fritt opplagt i kvar ende så ryk den på vipping. I Byggforsk 520.226 så står det "Bjelker/sperrer opplagt med vanlig avstand c/c 0,6 m oppå stålbjelken gir vanligvis tilstrekkelig vippeavstivning..." Kan det stemme at dette er nok? Trengst det ingen form for "kubbing" mellom sperra og steget? Eg ser for meg at overflensen vil "skjære" seg inn i sperra (sjå skisse under) viss det er alt som skal holden den sideveis. 

Og kva med velting og vipping av sperrene? Når mønebjelken er av stål så kan ein jo ikkje stikkspikre sperrene i mønebjelke. Må det kubbast i mellom sperrene i bunn for at dei ikkje skal forskyve seg? Ev. noko anna måte å feste dei på? Korleis er det forresten vanleg å gjere innfesting på oppleggene? Har tenkt 3 stk 48x148 som opplegg i kvar ende. Er dette nok til å ta 60 kN i kvar ende? Eg finn at C24 konstruksjonsvirke kan ta 1,6 N/mm² på tvers av veden, men finn ingen tal på kva det toler med veden. Nokon som veit?

Planlegging av garasje med maks 50 m² BTA - IPE left – Kopi.JPG - sibo


Mykje meir eg lurar på, men tenkje dette får halde til å byrje med Wink.


Mvh
Sindre