Så er eg godt i gang med hovedjobben, å legge steinen på nytt. I går leigde eg hoppetusse og steinsaks, eller markvibrator 90 og steinkutter, som det står på fakturaen. Så kjørte eg til ca 2 tonn pussesand, det var 3-400 kg for mykje. Så har eg med god hjelp av kona fjerna steinen, lagt på sand og komprimert den, og er godt i gang med å legge steinen på nytt.
Så er steinen lagt på nytt, 12 år etter at eg la den første gongen. Håpar grunnen har stabilisert seg på denne tida, slik at det blir minimalt med spor etter bilen. Ingen forhandlar BMC Holmegaard rødmix her lenger, så eg måtte vere nøye med å bruke mest mulig av steinen på nytt. Det kan vere ei utfordring i kantane der steinen må tilpassast. Eg måtte legge ei rekkje med annan stein på platningen nærmast garasjen, under hekken på hengaren. Det blei minst synleg heilt i kanten. Det gjenstår litt støyping under naboens mur, og langs drensrenna, elles er det ferdig. Eg har varmekabel i drensrennene frå før, han er så lang at han rekk inn i den nye renna også. Kjekt av og til om vinteren. Til slutt kan eg ikkje dy meg for å vise ein liten del av konas blomsterbed, som er resultat av mykje omtanke og omsorg. Bildet er tatt etter sola gjekk ned, så fargane kjem ikkje skikkeleg fram.
Siste redigering: Tuesday, May 27, 2014 8:56:04 PM av ariens
Det blir spørsmål om smak og behag. Eg har vant meg til den litt ubehøvla stilen på denne muren, så inntil vidare blir den vel som den er. Men det er jo fullt mulig å kle den inn. Må spekulere på det ei stund.
Elles er eg veldig letta over at prosjektet i alt vesentleg er ferdig. Dagen i dag har gått med til å rydde garasjen og tunet, og anna som har stått på vent i det siste.
Himmel og hav for en jobb! Gratulerer med flott resultat, blir greiere med snømåking og garasjetilkomst nå Ser ut som det ligger noen timer bak blomsterbedet også
Omsider har eg fått støypt det meste inn under naboens mur, så har eg spylt vekk mose og skit og skal avslutte med eit lag pussmørtel på nederste delen når eg får tid. Men nå står ungane sine prosjekt i kø, så det får bli etter kvart. I drensrenna ligg varmekabel slik at ho kan tinast viss det blir sørpeføre i frostperioden.
Ingen forhandlar BMC Holmegaard rødmix her lenger, så eg måtte vere nøye med å bruke mest mulig av steinen på nytt. Det kan vere ei utfordring i kantane der steinen må tilpassast. Eg måtte legge ei rekkje med annan stein på platningen nærmast garasjen, under hekken på hengaren. Det blei minst synleg heilt i kanten.
Det gjenstår litt støyping under naboens mur, og langs drensrenna, elles er det ferdig.
Eg har varmekabel i drensrennene frå før, han er så lang at han rekk inn i den nye renna også. Kjekt av og til om vinteren.
Til slutt kan eg ikkje dy meg for å vise ein liten del av konas blomsterbed, som er resultat av mykje omtanke og omsorg. Bildet er tatt etter sola gjekk ned, så fargane kjem ikkje skikkeleg fram.
Drenering og uteområder: http://byggebolig.no/hage-uterom-71/ny-drenering-terasser-og-grontomrader
Nytt trapperom og oppgradere kjeller: http://byggebolig.no/oppgraderinger-oppussing/nytt-trapperom-og-renovere-kjeller
Garasje og carport: http://byggebolig.no/garasje-anneks-og-smahus/oystein-bygger-garasje
Nytt bad: http://byggebolig.no/oppgraderinger-oppussing/utvide-og-pusse-opp-lite-bad
JCB gravemaskin:http://byggebolig.no/anleggsmaskiner/jcb-minigraver-erfaringer/
Elles er eg veldig letta over at prosjektet i alt vesentleg er ferdig. Dagen i dag har gått med til å rydde garasjen og tunet, og anna som har stått på vent i det siste.
Jo takk, slik er det å vere huseigar med ordenssans ;D
I drensrenna ligg varmekabel slik at ho kan tinast viss det blir sørpeføre i frostperioden.
Og kona sin hage blomstrar fortsatt