4,540    0    0  

Bygge utebod som skal stå intil huset

 24     0
Hei,

Er ny her på forumet og no håper eg på og få hjelp med noko som har ergret meg ein stund.

For nokre år sidan kjøpte eg meg ein tomannsbolig utan garage.
Det dukket fort opp eit behov for og ha ein plass for og få satt in sykler, plenklippere og anna utstyr som ikkje bør stå ute under ein open himmel til ein kvar tid.

Så kom planen om og få satt opp ein liten utebod på ca 1.7x3meter.
Eg las i ein avisartikkel at ein ikkje trengte og søke etter og bygge ein liten utebod.
Etter litt rådspørring til nærmaste familie og venner kom eg fram til at vi bygger uteboda i enden av huset, i to etasjer så ein kommer seg rett inn i øvste etasjen fra terassen oppe ved ingangsdøren og rett inn i neste etasjen fra plenen.
Eg startet så med grunnarbeidet og fikk muret opp første etasjen på denne uteboda.

Men, uti murerarbeidet kom eg over og få studert litt meir rettningslinjene for bygging av utebod.
Her viste deg seg at ein må søke om boda blir over 6m2 og boda skal stå nærmere en 3meter fra nobogrensa.

Etter ein liten stund bestemte dama, fruen i huset og ordne opp i papirarbeidet om den uteboda, og fikk seg time med teknisk etat.

Der fikk ho vite at i utgangspunktet så ville vi ikkje få lov til og sette opp denne uteboda.
Dette for at husene her i byggefeltet står så tett og dermed vil ein utebod som står inntil huset ikkje bli godkjent med tanke for brannforeskriftene.
Vi hadde planer og bygge første etasjen i mur, andre etasje i tre med samme stil som huset ellers er.
Men skulle vi få godkjent boda måtte vi bygge begge etasjene i mur på grunn av brannforeskriftene.

Og bygge andre etasjen i mur synest eg virker både tungvint og det vil ikkje vere så fint med tanke på at huset ellers har bordkledning i denne etasjen.

Finnest det noko alternativ til og sette opp hele uteboda i mur?
Vil blekkplater vere godkjent? eventuelt finnest det blekkplater som ligner utsjånad liggende borkledning?

Eg hadde håpa på og få bygd denne boda litt lett og luftig og ikkje meir komplisert en nødvendig.