(trådstarter)
   #11
 2,984     Vestlandet     0
Med litt flaks greier eg kanskje å koma under 4m gesimshøgd. Om det då ikkje er andre forhold (t.d. reguleringsplan) som gjer det naudsynt (det har eg ikkje undersøkt) så kan eg kanskje byggja 50kvm (med 189 frå etasjeskille til? hanebjelke/taksperr?) utan å søkja.

Problemet er at eg uansett står igjen med eit loft med for låg takhøgd for meg.
Signatur

  (trådstarter)
   #12
 2,984     Vestlandet     0
Eg har prøvd å undersøkja litt no.

Om eg held meg under 50kvm BYA og BTA, kan eg byggja inntil 1m frå tomtegrensa, 1m frå bygning på eigen tomt og 2m frå bygning på nabotomt. Desse 50kvm kan etter det eg har forstptt fordelast på 1 eller 2 etasjar.

Søknadsprosessen er og kanskje enklare under 50km?

Carport har BYA, men ikkje BRA og BTA.

Då skal det altså vera mogleg å byggja kombinert garasje og carport på 24,9kvm kvar og totalt 49,8kvm BYA (som gir 25kvm BTA) med loft over begge delar (opp mot 50kvm totalt) der 25kvm er målverdig areal (over 190cm takhøgd).

Fruen ønskjer carport. Eg ønskjer garasje. Me har vurdert kombinasjon med enkel garasje og enkel carport. Eg ønskjer stort loft.

Byggjer ein dette som ein 50kvm garasje med skiljevegg i midten og kun reisverket ytst, kan dette søkjast om og evt. relativt enkelt omgjerast til full garasje seinare, viss løyve går gjennom og behov er der.

Per no ville me sikkert greidd oss lenge med r.d. ein 36kvm garasje, men viss me først byggjer, ønskjer eg å ha størst mogleg potensiale for seinare behov.

Signatur
Ebe
   #13
 4,452     Vestlandet     0
Carport har BRA. Du ser et eksempel i Grad av utnytting, figur 2-18 på side 28.

Man kan ikke bygge 50 kvm BYA (som ofte tilsvarer ca. 50 kvm BRA), og samtidig bygge et loft med måleverdig areal over.
Signatur
  (trådstarter)
   #14
 2,984     Vestlandet     0
Side 28 av kva?

Eg har forøkt å lesa meg litt opp på denne: http://www.granvin.kommune.no/handlers/fh.ashx?FilId=2356 Slik eg forstod det, utifrå den gjeld BTA kun ved omsluttande veggar. Godt mogleg eg er på villspor her.

Om ein ser på denne garasjen https://www.hibahus.no/garasje/ga-405-s-a/ , er den oppgitt med BYA på 75,6kvm, men BTA på kun 49,6kvm. Der ser det ikkje ut som "carportelen" tel med som BTA.

Utifrå dette, så oppfatta eg det slik at carport (der meir enn 50% er ope) kun har BYA.

Om eg har missforstått dette heilt sit eg igjen med valet om 50kvm garasje med lavt loft, eller t.d. 36kvm garasje med høgt loft - for å ikkje overstiga 50kvm BYA, BTA eller BRA.
Signatur
  (trådstarter)
   #16
 2,984     Vestlandet     0
Supert! Takker for tips.

Når det gjeld BYA og grad av utnytting, så vert ikkje det noko problem her.

Eg vil derimot forsøkja å koma meg under 50kvm for å unngå krav om 4 m avstand til tomtegrense.

Søknad kan kanskje unngåast, men om eg held meg under 50kvm går det vel an å bruka ei enklare form for søknad?
Signatur
HSt
   #17
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Selvbygger burde være innenfor det du kan refere til mht hva du har gjort selv om kanskje ikke referanse til BB fungerer i søknaden. Du skal bare sansynelig gjøre at du har kunnskap til det du skal gjøre. Det er lov å henvise til at en planlegger å få hjelp til deler av dette.

  (trådstarter)
   #18
 2,984     Vestlandet     0
Sjølvbyggjar utan ansvarsrett er jo mogleg.

På grunn av plass rundt huset og avstand til nabotomt vil eg ikkje kunna ha noko større enn om lag 50kvm BYA.
Dette er uansett litt fram i tid, då eg har litt andre prosjekt som må fullførast.Eg må og kjøpa litt av nabotomta, for å kunna byggja der.

Målet no er å finna ut korleis eg får mest mogleg/best mogleg garasje under 50kvm BYA.
Signatur
  (trådstarter)
   #19
 2,984     Vestlandet     0
Har hatt dette framtidige garasjeprosjektet mitt litt i bakhovudet i det siste.

Skal eg få plass til garasje, så må den plasserast i skrått terreng, delvis nedgravd.
Då er det vel kanskje lika greit å droppa ferdiggarasje frå Igland o.l.? Heller byggja garasjen med eit eller ana forskalingssystem og betong. Eg har nytta Sundolitt Kub til tilbygg tildegare, og tykkjer dette var greit å jobba med. Eg trur då eg fint skal greia å byggja grunnmur/1. etg. sjølv.

Då vil eg kun mangla takstolar og tak.

For å få takstolar er det berre å kontakta eit firma som dimensjonerer, byggjer og leverer desse? Så "hiv" eg dei opp på grunnmur og legg tak på?
Signatur
HSt
   #20
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Ja, er du heldig kan du få leverandør til å heise opp bunken med takstoler ved leveranse og så sprer du dem utover etterpå, husk på nødvedig væeltesikring. Husk å tenke litt på hvordan dette forankres, men det kan gjøres med ekspansjonsboltet i egnet beslag. Du kan sikker spørre takstolprodusenten om råd. Bygger du selv så får vi jo også gleden av en ny tråd her på BB Smile