1,428    1    0  

Valg av takløsning til garasje

 259     Breim     0
Treng litt gode tips og råd til valg av takløsning på garasje. Bygger 11 x 6 meter garasje, der murane pr. dags dato ser slik ut. 

Valg av takløsning til garasje - Murar 1.jpg - FreddySBrakestad

Har sett på forskjellige løsningar for tak her - anten pulttak (men då bør eg vel ikkje under 10 grader fall), spesialkonstruert takstol med heva bæringspunkt/anleggsflate i framkant (mot limtre) eller bruk av S-bjelke med garp/hakk. 

Tanken med pulttak.
Valg av takløsning til garasje - Pulttak.jpg - FreddySBrakestad
Ulempen her er at fasaden blir veldig høg. Snakkar fort om 4.2 meter høgde på topp av takutstikk.. 

S-bjelke
Valg av takløsning til garasje - S-bjelke.jpg - FreddySBrakestad
Her blir høgda på fasaden litt meir "levelig", med sine 3.6 meter og 6 grader fall - men framleis ganske ruvande.. I tillegg er jo prisen pr. s-bjelke fort over 2000,- pr stk, og det er vel før eg har bedt om precut på garp/hakk. S-bjelken tenkt brukt (ikkje berekna av meg..) er 48x450x6500. 

Alternativ 3 er ein "tenkt takstol" fra f.eks Pretre.
Valg av takløsning til garasje - Tenkt takstol 2.jpg - FreddySBrakestadValg av takløsning til garasje - Tenkt takstol.jpg - FreddySBrakestad
Her må eg i så fall heve høgda over mur rundt heile, for å få minimumshøgde over port innvendig, slik at ikkje garasjeporten blir eit problem.. Med denne løysinga vil eg ha overhøgde på ca. 25 cm over lysåpning. Innvendig takhøgde på 2.75 meter. 

Kva tenker de? Er det vits i å i det heile vurdere å sjekke med ein leverandør av takstolar om dei kan levere? S-bjelken er som sagt over 2000,- pr. stk, og eg må ha 19 stk totalt. Kan det vere noko å spare på ei løysing med takstol, tru? 

Veldig i stuss her, altså... 


Signatur

  (trådstarter)
   #1
 259     Breim     0
Totalspenn blir 5.70, med 15 cm anleggsflate x 2 og overheng 15 cm bakkant og helst så tett på 50 cm i framkant.. Med 6.5 meter s-bjelke greier eg vel maks 40 cm, antar eg.
Signatur