897    5    1  

Beskytte parkettgolv med golvvarme mot kontorstol

 82     0
Hei!

Eg har heimekontor på eit rom i huset der det er lagt parkett. Kontorstolen som eg brukar begynte fort å lage merke i golvet på grunn av hjula, så eg fann ut at tingen måtte vere å kjøpe eit slikt stolunderlag som ein får kjøpt til dømes på IKEA.

Utfordringa er berre den at der er vassboren golvvarme i dette golvet, og på dei underlaga eg har sett så står det at ein ikkje kan bruke desse viss ein har golvvarme. Eg går ut frå at dette er på grunn av maksimumstemperaturen i golvet (27°C).

Så, kva gjer eg? Akkurat no brukar eg eit slikt underlag, for eg ser på eventuelle varmeskadar i golvet som "det minste av to onder" i forhold til fullt av stygge hjulspor i golvet.

Er det nokon her som har nokon andre gode idear til korleis eg kan løyse dette? Eller er risikoen for varmeskade i golvet overdriven? Der er trass alt fullt av møblar som står rundt om kring på golv med golvvarme utan at det tykkjest vere så farleg. Eg skjønar ikkje heilt kvifor dette vesle underlaget skulle vere så mykje verre enn alt anna...?

Eg kunne vudera ein annan stol òg, men eg må ha noko som er godt å sitje i viss ein skal sitje attmed PC-en på heimekontor ein heil arbeidsdag.

   #1
 2,018     Strømmen     0
Varmeskade dreier seg kun om uønsket uttørking av parkett, er ikke farlig, men kan gi gliper mellom lamellene.
Signatur
   #2
 24,668     Akershus     1
Vannbåren varme er snillere enn elektrisk gulvvarme. Enkelt sagt, vannbåren varme kan ikke bli varmere enn turvannet, mens elektrisk varme «pøser på .
Signatur
TSt
   #3
 14,509     0
Som KjellG skriver så bruker det å være slik at det er trygt å dekke til noe med vannbåren varme under. Så få målt tur temperaturen på vannet så vet en om det kan blir noe problem eller ikke.

Med el varme så avgis det alltid den gitte effekten fra kabelen og hvis varmen ikke "forsvinner" stiger bare temperaturen.

  (trådstarter)
   #4
 82     0
Takk for innspel så langt, folkens! Smile

Turtemperaturen på vatnet er 40°C per i dag, men dette kan eg enkelt justere på. Eg har romtermostatar i alle rom med golvsensor som er avgrensa til maksimalt 27°C, så den biten er ivareteken. Men eg bør kanskje likevel vurdere å skru ned noko på turtemperaturen?
  (trådstarter)
   #5
 82     0
Ein ting til - og no "kaprar" eg på ein måte min eigen tråd her, men problemstillinga er såpass relatera at eg ikkje heilt ser vitsen i ein ny tråd:

I stova har me òg parkett, og så har me ein vedomn der som står på ei steinplate (denne plata er felt ned i golvet). Steinplata er ikkje så veldig stor, så me har merka at parketten framføre omnen vert veldig varm når me fyrar. Eg har telefon med varmekamera på og prøva å lese av temperaturen i golvet ein gong me fyra. Eg veit ikkje kor nøyaktig denne avlesinga er, men eg fekk over 50°C.

Er dette noko eg bør uroe meg for? Det er ei noko spesiell steinplate me har under omnen, så eg har ikkje så veldig lyst til å utvide storleiken på underlaget. Men er det stor sjans for at golvet kjem til å sprekke veldig opp? Me har berre fyra i omnen åtte-ti gonger det siste året, tenkjer eg. Han er mest i bruk for kosens skuld, eller viss det er veldig mange minusgrader ute.