1,589    1    0  

Erfaringar med korkgolv

 88     Tørvå City     0
Etter å ha lest litt om kork som golv på nett har dette vist seg som ein kandidat som bør vurderast. Temaet kork har vore oppe fleire andre stadar på forumet, men her står lite om erfaringar med golva. For min del er kork noko negativ lada, då eg først og fremst tenkjer på dei gamle korkgolva frå 60 og 70 talet, først og fremst pga farge. Men mykje har tydelegvis skjedd sidan då, og mange av golva no finst i mange fargar og former.

Dessverre er dette eit "nisje-produkt" som det ikkje er like lett å innhente erfaringar og kunnskap om som for eksempel med parkett og laminat.

Det som bli framheva som fordelane med kork er at det kjennast litt mjukare og varmare ut en feks parkett og laminat. Det vert også hevda at dette er slitesterkt, og evt hakk kan jamne seg ut igjen. Eigenskapane skal gjere golva svært egna på  barnerom og kan gjere at for eksempel golvvarme blir overflødig på enkelte rom.

Er det nokon her som har brukt kork på golva i seinare tid? Korleis er erfaringane med dette? Korleis er slitestyrken opp i mot feks parkett og laminat? Kan golvet reparere seg sjølv, eller gjeld dette berre for ubehandla kork? Har sett litt på eit golv frå wicanders i klikk-format, som virkar som det vanlegaste på den norske marknaden. Erfaringar rundt legging og styrke på desse blir moteke med stor takk.

   #1
 173     Trondheim     0
Kork har jeg veldig lite erfaring med. har solgt to kork gulv og fikk desverre reklamasjon på begge disse.

Men uansett for lite erfaring til å si om det er bra eller dårlig, utseeende messig tror jeg nok det vil være delte meninger om det er pent eller ikke. men hver sin smak ;)

Men om noen her inne har lagt kork i løpet av de siste årene, hadde det vært fint om dere delte deres erfaringer på dette.