175    12    0  

Legge nytt golv på eksisterande vinyl - toalettrom

 4     0
Hei!

Har eit gammalt bad i kjellaren i huset vårt. Dette ser mildt sagt utdatert ut, med gulmalt veggpanel, eit vaklevorent toalett og beige marmorert golvbelegg.

Badet har toalett, vask og sluk i golv. Det har også varmekablar, og golvbelegget er muligens vinyl. Belegget er hardt og har ingen ujevnheter. Det er lagt i ein brett opptil veggpanelen. Det er 5 cm frå golv til enden av veggpanelen. Sjå vedlagt bilde.

Bak panelen er det plastduk. Under golvbelegget er det ikkje membran.

Badet er i dag kun i bruk som toalettrom, og i mine år i dette huset har det vore meir vatn på stovegolvet enn det har på dette badegolvet. Derfor tenker eg at inntil badet skal totalrenoverast ein eller anna gong i framtida, bør det vere ei god løysing å male panelen, legge nytt golv og bytte ut toalettet.

Skulle gjerne hatt litt tips til kva som er enklaste måte å legge eit fuktbestandig golv her!

Om ein velger belegg på rull, forstår eg det slik at eventuell lim kan reagere med det gamle belegget? Dessutan virkar det litt vanskelig for ein som ikkje har limt belegg før, i eit rom med L-form og sluk + toalett.
Vil det vere best å legge klikkvinyl, med silikon rundt sluket (som ikkje er i bruk) og rundt toalettkanten? Deretter liste langs veggane for å dekke over gapet mellom golv og panel.

På førehand takk for hjelp!
Legge nytt golv på eksisterande vinyl - toalettrom - 20200414_100022.jpg - 94-hus

HSt
   #1
 25 825     Lillestrøm kommune     0
klikkvinyl må flyte hvis du ikke velger typen som limes til underlaget. De spesifiserer at underliggende vinylgulv skal fjernes. Det er ikke egnet til rom med sluk.

Dagens gulv ser forøvrig bra ut, og tetting mot sluk den beste en kan få.
  (trådstarter)
   #2
 4     0
Takk for innspel.

Har høyrt at ein kan legge fliser på gammal vinyl. Det er vel ein mulighet her?

I så fall kjem spørsmålet om fall på golvet. Golvet er heilt flatt frå før, unntatt dei siste 10 cm rundt sluket. Når det er snakk om å legge nytt golv oppå eksisterande, i eit rom der det ikkje skal dusjast rett på golv, er det då krav om å lage fall?

Er det for øvrig mulig å lage nytt fall når ein legger fliser oppå vinylbelegg? (las ein plass at avrettingsmasse ikkje bør leggast oppå vinylbelegg fordi det kan magasinere fukt. Kan ein lage fall kun med flislimen?)
HSt
   #3
 25 825     Lillestrøm kommune     0
Du skal i allefall velge rett type flislim, vinyl kan være veldig mye mykere enn banemembraner.  Jeg vet om de som ikke har tatt sjansen på denne løsningen. De ha flislagt vegger men ikke gulv.
   #4
 49     0
Vi la skiferflis over vinyl på hytta. Er 15 år siden så husker ikke hvilket lim osv, men står den dag i dag uten en eneste sprekk. Så ja det er absolutt mulig!:)
   #5
 750     Trøndelag     0
La flis på vinyl på et bad for 10-15 år siden. Ikke det badet som er hardest brukt, men det har vært helt problemfritt.
HSt
   #6
 25 825     Lillestrøm kommune     0
ja, men det er veldig stor forskjell på vinylgulv så er enig at det kan gå, men usikker på hvordan en vet at det vil gå bra. Det er i allefall forskjell på flislim, noe sies å være mer fleksibelt enn annet. Eksempelet jeg nevner der hadde de noen inne som så på dette og de ble frarådet dette.

Jeg har vinyl på vaskerom her, pga CC-60 standard bjelkelag så er det merkbare vibrasjoner i gulv fra vaskemaskin. Her tipper jeg et flisgulv ville blitt skadet av det. Men siden TS har kjeller er det kanskje støpt underlag og unngår det problemet
  (trådstarter)
   #7
 4     0
Takk for gode innspel!

Her ser vi på alle muligheter. Kva trur de om å male golvet? Nokon som har erfaring med det?

Tenker då enten med Sigural epoxy eller med Trestjerner golvmaling.
Begge deler skal vel kunne brukast på vinyl, men kun Sigural er anbefalt på våtrom.

Akkurat rundt sluket er det litt flex i vinylen som kanskje kan få malinga til å sprekke. Mulig epoxyen har litt fleksibilitet, eventuelt at den er så sterk at det går bra. Men om det skulle sprekke, får ein heller fjerne heile golvet og legge nytt.

   #8
 9     0
Har du fått gjort noko med badet ditt?

Eg har òg tankar om ei billigløysing på eit slitent bad, og vurderer Sigural epoxymaling, både på gammalt, greitt, men ikkje særleg fint vinylbelegg, samt på vegg i dusjhjørne...

...men ville gjerne høyrt med nokon som har erfaring med liknande Smile
  (trådstarter)
   #9
 4     0
Eg gjekk for epoxy på vinylbelegget, på golvet og 5 cm oppetter veggen. Resultatet vart fint, syns eg, men gjorde meg eit par erfaringar:

- Varmekablar må vere heilt avslått, gjerne eit par dagar før påføring, ellers blir det luftbobler
- Ujamnheiter i belegget kjem til å syne gjennom epoxyen
- Herdetida vart veldig lang. Første strøk lot eg tørke eit døgn før nytt strøk. Då var det framleis på grensa til klissete. Andrestrøket brukte over ei veke før det var heilt herda. Testa med å trykke lett med ei nagl, og kunne lage merker i golvet heilt til det var gått ei veke.

No er imidlertid golvet heilt hardt, solid og veldig lett å halde reint. Så eg kan anbefale denne løysinga dersom ein ikkje ønskjer å fjerne belegget. Ein viss risiko for at ting skjer, er det nok, men i mitt tilfelle var den risken mindre enn risken ved å fjerne det gamle belegget.

Litt usikker på om malinga kan brukast på vegg utan å renne for mykje, det ville eg sjekka med leverandøren. Lukke til!
   #10
 9     0
Litt usikker på om malinga kan brukast på vegg utan å renne for mykje, ...

Var "renning" eit problem med dei fem centimetrane med belegg oppetter veggen?
Elles blir vel Sigural brukt på både tak og vegg, typisk i industrielle bygg.

Brukte du malekost langs kant og veggoppbrett og overgang til sluk og sånn?

Første strøk lot eg tørke eit døgn før nytt strøk. Då var det framleis på grensa til klissete.

Det skal vel kanskje vere litt klissete mellom strøka? ...eitt døgn er vel minimum herdetid mellom strøk, men etter det er meiner å ha lese er to døgn maksimum.

Ein viss risiko for at ting skjer, er det nok, men i mitt tilfelle var den risken mindre enn risken ved å fjerne det gamle belegget.

No har faktisk produsenten oppgitt vinylbelegg som aktuelt underlag for Sigural, men det er ikkje anna oppgitt for framgangsmåte enn at ein må reinske overflata med trestjerner-golvrens først...

Kva brukte du for å reingjere golvet?

Resultatet vart fint, syns eg, ...

Du hadde jo eit fint bilete frå badet. Kunne vore artig å sett eit "etter-bilete", med same utsnitt omtrent...

...som eg kan vise kona, i tilfelle ho er skeptisk Tongue

Kva farge gjekk du for?