161    2    0  

Ny leilighet, Pergo laminat med overflatefeil

 39     Stryn     0
No er eg frustrert, men god grunn føler eg.

Overtok nybygd leilighet i slutten av april. La raskt merke til at deler av laminatgolvet hadde ru overflate sammenligna med resten. Klaga nærmast umiddelbart til leverandøren. Ting tok litt tid, men til slutt (juni?) kom det ein representant frå Pergo på befaring og det var lite tvil om at det var produksjonsfeil på golvet. Det var 20-30 plankar som var slik, fordelt utover i alle rom.

Etter nokre veker vedtok Pergo at heile golvet skulle skiftast, så har det vore ferie og dyktige handtverkarar er forståeleg nok opptekne om sommaren. Forrige veke skulle det endeleg skje, når eg var vekkreist på jobb skulle dei skifte golv i alle soveromma på kveldstid. 

Så kjem eg heim seint søndag, støvsugar og vaskar golvet på soverommet mitt så det skal gå an å bu der. Til min store skuffelse så har eg fått endå eit parti med dårleg kvalitet, og ja. Det er i alle soveromma. Gang/stove/kjøkken er ikkje skifta endå, men det har nok lite for seg i den situasjonen her.

Kva rettighetar har eg? Eg har budd svært midlertidig veldig lenge no, garderobeskapa mine ligge fortsatt flatpakka i boda sidan det har lite for seg å montere dei før golvet er i orden. Hadde sett enormt fram til å få litt system på ting no men den gang ei...

Bør eg kreve at dei sjekkar kvar einaste plank før legging, bør eg velge ein annan type eller ein annan leverandør? Forutenom dette problemet er eg godt fornøgd, det knirkar ikkje og ser bra ut. Hardt å gå på men det ligg tross alt på betong så det vil vel vere hardt uansett.

Nokon som har vore borti lignande? Den tekniske forklaringa er at det ligg aluminiumsoksid i toppsjiktet, eit materiale som er nesten like hardt som diamant. Desse fibrane skal ligge men nokon gongar "reise dei bust". Det var visstnok ikkje heilt ukjent for han som var på befaring her, men han hadde ikkje sett det sjølv. Det merkast godt, høyre fibera i sokkane slite og eg har eit vanvittig forbruk av sokkar for tida. Golvet er uråd å vaske, det kjennest aldri reint ut.

Gulvet: https://www.pergo.no/nb-no/laminat/wide-long-plank-sensation/l0234-03864_lodge-oak-plank

Video: (husk lyd) https://gofile.me/4Hcxg/mAajJOJPt

   #1
 1,009     Rogaland     0
Litt rart de ikke ber montørene være på utkikk etter sånne bord da.
Signatur