75    0    0  

Oppbygging golv kjellerstove

 24     0
Vi bur i midten i eit rekkehus frå 1960-talet. Vi skal bygge om garasjen til kjellerstove, og lurer på kva som er hensiktsmessig oppbygging av golvet. 
I dag er golvet ca. 20cm betong (utan fuktsperre), under betongen er det rett ned på grov pukk/sprengstein.
Takhøgde i garasjen i dag er ca. 227cm, så vi vil gjerne byggje opp golvet så lite som mogleg.

Vi har tenkt i retning isolasjon + avretting + varmefolie + parkett. Eller bør vi avrette først og leggje isolasjon over det ferdig avretta golvet? Eg antek vi bør ha fuktsperre ein eller anna stad i konstruksjonen, under isolasjonen? Og kor tjukk isolasjon bør vi minimum ha i golvet?