2,185    0    0  

Markterrasse med levegg

 401     0
Eg er i ferd med å bygge ein markterrasse delvis over ein gammal (men solid) betongterrasse. Terrassen vert bygd etter prinsippet som er forklart i denne videoen frå Maxbo. Betongterrassen er bygd inntil huset på godt drenert underlag, og etter 30 år er den framleis like solid så eg vil tru at telehiv ikkje er noko problem her. Den nye terrassen blir på ca 6x5 meter og ca 30% av arealet kjem då utanfor betongterrassen.

"Problemet" er at eg har tenkt å sette opp ein levegg langs eine sida. Denne vert ca 5 meter lang og 1.5 meter høg, og eg har tenkt å feste den i bjelkelaget på terrassen som er bygd opp av 48x98. Større dimensjonar er ikkje mogleg då terrassen elles vil komme i konflikt med eit par kjellarvindauge. Spørsmålet er om eg kan feste leveggen i husveggen også, eller om den kun bør vere festa i terrassen? Burde eg evt. ha mekka til ei flytande forankring til husveggen? Andre enden av leveggen vil vere støtta i eit kort rekkverk.