Dummie tørketrommelspørsmål: Hva er egentlig vitsen med varmepumpefunksjon på en tørketrommel? Altså, hva er forskjellen på en slik og en vanlig tt?
Spørs kva du reknar som "vanleg"....; kondens eller ikkje kondens (utlufting).
For å tørke kleda, fører ein varm, tørr luft inn i trommelen, og får ut varm fuktig luft. Dei enklaste - med utlufting - slepper ut den varme fuktige lufta i rommet, eller (helst) i eit røyr til friluft. Så tek dei inn ny luft frå rommet, varmar opp denne i eit elektrisk varmebatteri og får varm tørr luft til trommelen. Du taper både varmen som er i lufta og fordampingsvarmen til dampen som følgjer med lufta.
I ein "vanleg" kondenstrommel vert den varme, fuktige lufta kjølt ned i ein varmevekslar, slik at ein god del av vassdampen kondenserer. Lufta vert så resirkulert, varma oppatt i eit elektrisk varmebatteri, osv. Kjølestraumen i varmevekslaren er luft frå rommet maskina står i, og denne lufta vert varma opp og sendt ut i rommet igjen. Etter kvart stig temperaturen i rommet, men ikkje fukta. Vatnet som kondenserer vert samla opp i ein tank, eller sendt direkte til avløp.
Den varme, fuktige lufta frå trommelen kan kjølast ned ved å varmeveksle med den kalde sida av ein varmepumpesyklus (svarar til innsida i eit kjøleskap). Vatnet kondenserer frå lufta, og vert tappa ut. Så skal den nedkjølte lufta varmast oppatt (utan fukt), og det skjer ved den varme sida av varmepumpesyklusen (svarar til baksida av kjøleskapet). Varmen frå nedkjøling av luft etter trommelen vert altså utnytta til å varme oppatt tørkelufta i staden for å sleppe varmen ut i rommet maskina står i. Du sparer elektrisitet til varmebatteriet, men må bruke noko elektrisitet for å drive varmepumpa - kanskje ein femdel så mykje. Det vert eit visst varmeoverskot som må sleppast ut i rommet, men mykje mindre enn for ein vanleg kondenstrommel (med varmevekslar).
Spørs kva du reknar som "vanleg"....; kondens eller ikkje kondens (utlufting).
For å tørke kleda, fører ein varm, tørr luft inn i trommelen, og får ut varm fuktig luft.
Dei enklaste - med utlufting - slepper ut den varme fuktige lufta i rommet, eller (helst) i eit røyr til friluft. Så tek dei inn ny luft frå rommet, varmar opp denne i eit elektrisk varmebatteri og får varm tørr luft til trommelen.
Du taper både varmen som er i lufta og fordampingsvarmen til dampen som følgjer med lufta.
I ein "vanleg" kondenstrommel vert den varme, fuktige lufta kjølt ned i ein varmevekslar, slik at ein god del av vassdampen kondenserer. Lufta vert så resirkulert, varma oppatt i eit elektrisk varmebatteri, osv.
Kjølestraumen i varmevekslaren er luft frå rommet maskina står i, og denne lufta vert varma opp og sendt ut i rommet igjen. Etter kvart stig temperaturen i rommet, men ikkje fukta. Vatnet som kondenserer vert samla opp i ein tank, eller sendt direkte til avløp.
Den varme, fuktige lufta frå trommelen kan kjølast ned ved å varmeveksle med den kalde sida av ein varmepumpesyklus (svarar til innsida i eit kjøleskap). Vatnet kondenserer frå lufta, og vert tappa ut. Så skal den nedkjølte lufta varmast oppatt (utan fukt), og det skjer ved den varme sida av varmepumpesyklusen (svarar til baksida av kjøleskapet).
Varmen frå nedkjøling av luft etter trommelen vert altså utnytta til å varme oppatt tørkelufta i staden for å sleppe varmen ut i rommet maskina står i. Du sparer elektrisitet til varmebatteriet, men må bruke noko elektrisitet for å drive varmepumpa - kanskje ein femdel så mykje.
Det vert eit visst varmeoverskot som må sleppast ut i rommet, men mykje mindre enn for ein vanleg kondenstrommel (med varmevekslar).