24,784    27    0  

IEC-Hus: Alexandra Exclusive

 4     Steigen     0
Heisann

Vi er ett samboerpar med ett barn som skal til med prosessen å bygge hus i nord-salten (nordland).
Vi har bladd og bladd i kataloger og bestemt og ombestemt oss gang på gang.
Men nå ser det endelig ut som om at vi har funnet det huset som passer oss.
Vi har sett oss ut huset Alexandra Exclusive (2-plan) fra IEC-hus, som vi mener tilfredsstiller alle våre krav for fremtiden.
Vi lurer derfor på om noen andre har bygget dette huset og kan komme med innspill, samt om noen har erfaringer med IEC-hus sin leverandør i nordland, Bodø Bygg og Innredning A/S.
Dette er vårt første og forhåplentligvis eneste hus, så vi vil gjerne gjøre en avgjørelse som vi ikke vil angre (så mye) på :)

   #2
 54     Ørsta     0
Har dåkke kome noko lenger i prosessen? Vi tenkjer også på dette huset, men kun fått tomt. Byggjestart er først om eitt år, så høyrer gjerne på andre sine erfaringar.
   #3
 54     Ørsta     0
Slik det ser ut no, vert det Alexandra Exclusive 2-plan, vi går for. Kjem til å endre litt:

- utstikk i stove vert forlenga til heile balkongen si lengde (ut frå stova), slik at heile balkongen i 2. høgda vert tak på stoveutstikket.

- vi deler vaskeromet med sportsboda i staden, og eit mindre bad med dusj vert ståande for seg sjølv.

- frå sportsbod/vaskerom går døra ikkje ut i "friluft" men inn i garasje som er bygd inntil huset

- muleg vi legg inn eit foreldrebad i 2. høgda i tillegg til eit mindre eitt for borna.

Skal kome med teikningar når IEC har teikna det endelege huset.
   #5
 54     Ørsta     0
Vi "teiknar" sjølve. Dvs; eg tek teikningane frå IEC og endrar dei ved å klippe og lime inne i "Paint". Så sender eg dei til IEC som ser om det er teknisk muleg, og kjem med råd.

Så langt har vi mest heldt på med situasjonsplanen for tomta. Hadde tenkt å ha garasje tilkopla huset, men har måtte gi meg på det grunna byggjegrenser m.m.

Vi har skrive kontrakt med IEC som gjer at dei teiknar om etter våre ønskjer, men om vi endar opp med å ikkje bestille hus frå IEC, må vi betale for omteikningane.
Vi har imidlertid bestemt oss for Alexandra Exclusive 2-plan, men med små forandringar.
   #7
 584     Midt-Norge     0
Flott hus.

Hva er prisen dere betaler IEC? Er grunnplata med i prisen?

   #8
 54     Ørsta     0

Flott hus.

Hva er prisen dere betaler IEC? Er grunnplata med i prisen?


Nei, plate/grunnmur er ikkje med i prisen til IEC. Har sendt førespurnad til to lokale firma eg har fått anbefalt. Ventar svar frå dei.
Endeleg pris på sjølve huset håpar vi å få frå IEC i løpet av neste veke. Vi har gjort litt endringar, men meiner å hugse at første overslaget vi fekk var 2.781.000.
Har kjøpt tomt til 530.000 og tenkjer eg skal få gravd tomta og støypt plata slik dette kjem på 1 mill til saman. Har eit (ørlite) håp om å hamne under 4 mill totalt.
   #10
 54     Ørsta     0

Fint hus, men hvor har dere tenkt å ha skap/klesoppbevaring i gang/hallen?


Godt observert!
Vi måtte fjerne skapplassen i entreen for å få eit fullverdig bad. Vi har sett inn eit stort garderobeskap inne på vaskeromet, samt at borna får knaggar på halv-veggen ved trappa. Gjestane får ein stumtenar i entreen.

Daniel