993    0    0  

Ynskjer innspel på planløysing / fasade

 13     0
Hei,

Registrerte meg i dag, men har luska rundt på forumet her ei god stund . Fruen og eg har kjøpt tomt i Tysvær i Rogaland, og har hatt mange rundar gjennom tilgjengelege katalogar. Jammen er det ikkje lett å finne noko som tilfredstille dei fleste krava. Endte sjølvsagt med å teikne sjølv og vonar du har lyst til å gje oss eit innspel eller to !

Om oss – i etableringsfasen, planlegg hus for eit par-tre ungar, enn så lenge er vi berre to. Eg har mi bilinteresse og har lyst på stor garasje, men reg.plan seier 35 m2, og plan og bygning seier disp til 50m2 er greit, men ikkje meir.

Om tomta: Totalt ca 1040 m2, vestvendt, tilkomst frå veg langs austsida , djupna (aust-vest)  på tomta er 36- 39 m og bredda (nord-sør) er gode 26 m. Tomta ligg på eit platå ca 2 m over vegen i aust og skrår lett mot vest. Naboen i  vest ligg nedfor ei skrent og vi ser knapt taket hans når vi står på tomta. I nord ligg også ein nabo eit stykke lavare. Mot sør kjem det seinare tomter, enn så lenge er  dei ikkje lagt ut for sal.

VI har sjølvsagt gjort ting i feil rekkefølge – fant ein fin fasade og så har vi teikna innsida.. men no syns vi det ser greitt ut. Viktig for oss (les fruen) har det store badet i 1. etasjen vore, samt ei luftig løsying i 2. etasje med stove / kjøkken. For å tilfredstille husbanken og livsløp har vi laga til heissjakt, men har plassert dørene slik at vi kan bruke det som garderobe til hhv vindfang og soverom i 2. etasje. 

Det vi er mest usikre på er innreiing av kjøkken, pr no har vi tenkt å ha høgskap på heile veggen mot aust, men eg kjenner fantasien er litt oppbrukt..  Vi har prøvd å bruke guiden til sjølvteikning så godt det lar seg gjere, og syns vi har noko som funkar etter den, men har lyst at du ser på teikningane og gjer oss eit innspel. Vi  set pris på alle innspel !

Vedlagt også eit bilde av ein papirmodell av hus og garasje eg har laga for å sjå korleis dette blir i praksis (aldri blitt venn med sketchup – papir og lim fungere det også  )

Her er roomsketcherlink: http://planner.roomsketcher.com/?ctxt=rs_com&language=no#/?pid=1129558
Ynskjer innspel på planløysing / fasade - planløysing.jpg - jschille
Ynskjer innspel på planløysing / fasade - fasadar.jpg - jschille
Ynskjer innspel på planløysing / fasade - tomt.jpg - jschille
Ynskjer innspel på planløysing / fasade - modell1.jpg - jschille
Ynskjer innspel på planløysing / fasade - modell2.jpg - jschille