315
0
0
Limtre som ikkje tilfredstiller krav til CE-merking
194
0
For å få CE-merke limtre er det krav til at produktet skal oppfylle krav i NS-EN 14080. Link
I NS-EN 14080 er det krav til at kjerne-/yteside/årringar er orientert som vist på vedlagt bilete. Dette er viktig for å unngå sprekkdanningar når lamellane kuvar seg.
Har kjøpt limtre frå ein norsk produsent der det viser seg at omtrent alt er gjort feil i tverrsnittet. Slik eg forstår det betyr dette at limtrebjelkane difor ikkje tilfredstiller krav til CE-merking, og er difor ikkje godkjend for berande konstruksjonar.
Sendte fredag før påske epost til produsenten, men har til no ikkje fått noko tilbakemelding.
Kva har ein rett på i dette tilfellet, om ein i heile tatt har rett på noko som helst? Nytt limtre levert på plassen, ferdigkutta for festemiddel og opplegg? Eg har brukt mykje tid på tilvirking og bygging som vil vere bortkasta om ein skulle måtte kassere limtreet, vil det vere høve til å få noko for dette? Eventuelt, vil det vere høve for å kreve utbetring for produsentens rekning?
Skal prøve å løyse dette på minneleg måte med produsenten, men sidan dei ikkje har svart må eg ta kontakt med dei igjen. Er greitt å på førehand få ein peikepinn på kva ein bør krevje / har rett på om det skulle vise seg at limtreet må kasserast, og dei ikkje skulle vere medgjerlege.
Sett pris på alle innspel.