5,102    0    0  

Fujitsu Varmepumpe

 71     Sunnmøre     0

Sak:  Varmepumpe

Viser til henvending på levering og montering av varmepumper, og har gleda av å tilby fylgjande alternativ;

• Fujitsu General ASHB09LDC 3,6(0,9-6,1)kW Vegg/tak Plasma inverter kr: 21 600,-
• Fujitsu General ASHB12LDC 4,8(0,9-6,7)kW Vegg/tak Plasma inverter  kr: 23 000,-
• Fujitsu General AGHF09LAC 3,5(0,9-5,5)kW Gulvmodell inverter kr: 25 700,-
• Fujitsu General AGHF12LAC 4,5(0,9-6,6)kW Gulvmodell inverter kr: 28 100,-

Dette merket er proffmerke til Fujitsu, og det er kun profesjonelle kuldefirma som får forhandle dette merke i Noreg. Vi har gitt dykk fire forskjellige alternativ, dette fordi vi ikkje med sikkerheit veit korleis huset, og dermed varmebehovet, er. Som regel tek vi ei synfaring i huset, før vi gir inn pris.

Vi kan kort beskrive dei forskjellige typane:

• Vegg/tak Plasma inverter er den mest vanlege varmepumpa, montert oppunder tak. Den har Plasmafilter som er det elektrostatiske filteret som fjernar støvpartiklar, pollen og dårleg lukt. Filteret er vaskbart. Varmepumpa har høg COP-verdi på 4,44. Dette vil sei at de får at 4,44 gongar tilført effekt i form av varme. Varmepumpa er svært driftssikker, og har 5-års garanti. Støynivå innedel er på 21dBA.

• Gulvmodell inverter vert montert nede ved golv. Den har òg høg COP-verdi, 4,38. Denne modellen har utblåsing både i botn og på topp. Ein kan velje om ein vil ha begge deler, eller kun på topp. Her kan ein òg velje om ein vil ha fastmontert fjernkontroll. Støynivå innedel er på 22dBA.

I prisen ligg varmepumpa med montasje. Inkl i montasjen er; inntil 7 m rør, drenering, kom.kabel, oppheng yttervegg, kanalar for rør og kabel samt igangkøyring. Det som ikkje er med er; opplegg til stikkontakt ved innedel Plasmamodell og tilførsel utedel Golvmodell. Begge modellane skal ha eigen kurs med jordfeilbrytar. Holtaking i betongvegg er heller ikkje med. Dersom det kun er trevegg, ordnar vi hól sjølve.

På våre produkt, er det 5-års garanti. For at denne skal gjelde, krev vår leverandør at vi utfører 2 stk servicar etter 2 og 4 års driftstid. Dette kjem i tillegg, men vil vere ein veldig liten kostnad og de får samtidig eit sikkert og godt produkt.