65    0    0  

Fordeling av effektforbruk flere varmepumper

 39     Stryn     0
Har eit sameige med felles varmeanlegg. Hovedkilde til oppvarming er 3stk Panasonic 16kW luft/vann varmepumper som jobbar mot felles akkumulatortank (930liter).

Desse jobbar individuelt, er innstilt på samme temperaturkurve og lever forsåvidt sitt eige liv og det fungerar bra.

Men, gjennom døgnet har vi svært varierande effekt, sidan det er litt tilfeldig kva eller kor mange varmepumper som sette i gang når returtemperaturen synke.


Ville det vore ein god ide og prøve å sette dei til å jobbe mot ulik turtemperatur, ex. ei på 34, ei på 35 og ei på 36grader for å prøve å få til ei jamnare drift? På den måten ser eg for meg at ei pumpe vil gå nærmast kontinuerleg i staden for i dag der det kan gå lang tid der ingen pumper går og så plutseleg så startar 2 eller 3 å varme.

I dag står alle på 35grader turtemperatur. Så vil denne innstillinga såklart føre til ulik slitasje på pumpene, men kan enkelt bytte på temperaturane ein gang i året for å fordele belastninga på pumpene.