18,410    12    0  

ariens: Ileggsplate spisebord

 1,387     Tromsø     0
Eg skal lage ein kopi av ekstraplata på bilde 1 og 2, av ei laminert benkeplate, siste bilde. Benkeplata er litt tjukkare enn bordplata, så eg skal lage spor på undersida som støttene kan fellast inn i.




Støttene er laga av eik heiltre, men det har eg ikkje i rett dimensjon, ca 4 x 3,5 cm.
Spørsmål:
Tenkte å lager støtter i konstruksjonsmateriale dvs gran c24. Vil dei bli sterkare viss eg laminerer dei?
F.eks 3 lamellar på høgkant, som eg deler ein gong slik at det også blir ei horisontal liming. Eg har ingen kunnskap om dette, det er noko eg trur.

Går det an å bruke vanleg trelim ute, klasse D3?

Eg er takknemleg for råd.
ariens: Ileggsplate spisebord - ANB_3003.JPG - ariens

  (trådstarter)
   #1
 1,387     Tromsø     0
I dag kappa eg plata i rett lengde (eller 1 mm for kort  :-[), dykksaga lagar fint snitt.
Eg brukte støvmaske då støvet frå eik skal vere uheldig å puste inn.
Så fann eg nokre furufjøler som eg slissa opp til laminat. Skar ut spor ca 5 mm ned i plata slik at støttene får same dimensjon som dei originale. Støttene blir skrudd fast i plata i desse spora. Den nye plata er 5 mm tjukkare enn den originale.

Drog over alle sagsnitt med bandpussar og limte alle delene i ei bredde. Den deler eg i 4 og limer 2 og 2 i høgda. Dermed blir støttene laminert begge veier.
Brukte 3 limknektar og 2 tvinger, og brukte 2 boksar til avstivning på denne liminga. Nå skal det tørke før eg går vidare.
Siste redigering: Saturday, February 9, 2013 4:13:43 PM av ariens
Ileggsplate spisebord - ANB_3005.JPG - ariens
Ileggsplate spisebord - ANB_3006.JPG - ariens
Ileggsplate spisebord - ANB_3009.JPG - ariens
Ileggsplate spisebord - ANB_3012.JPG - ariens
Ileggsplate spisebord - ANB_3016.JPG - ariens
Ileggsplate spisebord - ANB_3020.JPG - ariens
Ileggsplate spisebord - ANB_3021.JPG - ariens
Ileggsplate spisebord - ANB_3024.JPG - ariens
   #2
 745     Sponvika     0
Er alle nord fra sånn at de må jobbe ute når det først blir kuldegrader ute ;D ;D  så på alle bildene, dyktig du, men tenkte at du måtte komme nord fra og ganske riktig, det stemte.
  (trådstarter)
   #3
 1,387     Tromsø     0
;D  ;D
Ja det er litt lenge å vente på våren, så eg må prøve å få tida til å gå. Vi har hatt det temmeleg kaldt nå ei stund. I dag var det berre -2 så det gjekk greit å stå i garasjen og sage.

PS
Såg ingen andre ute då eg heldt på, men naboens eldgamle bikkje klaga omtrent heile tida.
   #4
 504     Helgelending i Østfold     0

Tenkte å lager støtter i konstruksjonsmateriale dvs gran c24. Vil dei bli sterkare viss eg laminerer dei?
F.eks 3 lamellar på høgkant, som eg deler ein gong slik at det også blir ei horisontal liming. Eg har ingen kunnskap om dette, det er noko eg trur.


Når du sier støtter, mener du da labankene som også tjener som sleider?
Ingenting blir sterkere av å lamineres. Det kan bli stivere, men det er isåfall årringenes fortjeneste som følge av orienteringen som har oppstått ved liming, ikke selve limingen. Videre kan liming støtte opp ugunstig vedretning, eller sende slik ved nærere nøytralplanet i en del som er utsatt for bøyning. Men der man kan finne et passende emne er heltre alltid å foretrekke.
  (trådstarter)
   #5
 1,387     Tromsø     0
Takk for opplysninga, det var dette eg lurte på.

Og ja, det er labankane, eg visste ikkje kva dei kallast.

Det er vel eit poeng at labankane er stive, dei skal jo halde plata i posisjon når albogar, dekkety osv tyngjer den.
Eg prøvde også å velge ut dei beste emna til liming.
Eg får sjå kor dei ser ut når dei er ferdig limte. Det går alltid an å kjøpe eit emne eg kan lage heiltrelabankar av.
  (trådstarter)
   #6
 1,387     Tromsø     0
I dag tok eg opp det eg har limt ihop og delte det på nytt. Dei 4 stykka har eg nå limt parvis slik at eg får 2 emne i stor nok dimensjon til labankar, som då er laminert både vertikalt og horisontalt. 
Ileggsplate spisebord - ANB_3070.JPG - ariens
Ileggsplate spisebord - ANB_3071.JPG - ariens
Ileggsplate spisebord - ANB_3073.JPG - ariens
   #7
 3,109     Norge     0


Tenkte å lager støtter i konstruksjonsmateriale dvs gran c24. Vil dei bli sterkare viss eg laminerer dei?
F.eks 3 lamellar på høgkant, som eg deler ein gong slik at det også blir ei horisontal liming. Eg har ingen kunnskap om dette, det er noko eg trur.


Når du sier støtter, mener du da labankene som også tjener som sleider?
Ingenting blir sterkere av å lamineres. Det kan bli stivere, men det er isåfall årringenes fortjeneste som følge av orienteringen som har oppstått ved liming, ikke selve limingen. Videre kan liming støtte opp ugunstig vedretning, eller sende slik ved nærere nøytralplanet i en del som er utsatt for bøyning. Men der man kan finne et passende emne er heltre alltid å foretrekke.


Dersom vi snakkar om store dimmensjonar, vil man ved lamminering unngå/redusere risikoen for at materialen sprekker.
(mykkje eit resultat av redusert vridning).

  (trådstarter)
   #8
 1,387     Tromsø     0
Så var turen kommen til siste tilpasning av labankane. Gode gamle Stanleyhøvelen, og DeWalt 745 saga, som eg for første gong også brukte gjæringsanlegget på. Dette var for lite til å ta fram kapp- og gjærsaga.
Så fekk alt ein runde med bandpussaren.
Labankane kjennest stive ut, men det går alltid an å lage nye viss det trengst.

Nå skal alt heim til ariens junior og akklimatisere seg i den tørre lufta der det skal høyre til. Så skrur eg labankane på når det har tørka ei stund, i spora som eg laga på undersida av plata. Eg limer ikkje, i tilfelle dei vil forandre seg med luftfuktigheita.
Eg monterer labankane med plata på plass på bordet, slik at dei får rett plassering.
Ileggsplate spisebord - ANB_3074.JPG - ariens
Ileggsplate spisebord - ANB_3075.JPG - ariens
Ileggsplate spisebord - ANB_3076.JPG - ariens
Ileggsplate spisebord - ANB_3077.JPG - ariens
Ileggsplate spisebord - ANB_3077 - Kopi.JPG - ariens
  (trådstarter)
   #9
 1,387     Tromsø     0
Nå er det heile montert og innvia i stort selskap. Fungerte som det skulle.
   #10
 366     Sandnes     0
Ser veldig bra ut. Sleng gjerne ut et bilde av resultatet montert på bordet.

Har gjort det samme selv, men det var litt mer en hurtigversjon av jobben du har gjort, med resultat deretter. Den som jeg laget passer best under en duk. Smile
Signatur