3,567    0    1  

Tilpasse karm til vindskeiv dør

 1,387     Tromsø     1
Vi som likar gamle fyllingsdører må velge om karmen skal følgje veggen eller døra, for slike dører er ofte vindskeive.
Eg sette inn ei slik dør for mange år sidan og monterte karmen i plan med veggen, og difor har vi i ca 20 år måtta bruke makt for å få døra skikkeleg igjen. I eit anna hus med tilsvarande problem utvida eg falsen med godt resultat. Dermed slapp eg å ta laus karmen.

Omsider gjorde eg same operasjon her heime. Eg målte at det skulle bli ca 7 mm i hjørnet som gjekk til 0 ved dørlåsen. På toppen tok eg frå 7 til 0 over heile bredda. Eg spente fast ei passeleg fjøl som linjal og skar ut med mulitkuttaren. Jamna med stemjern og pussa med sandpapir på ein kloss. Det heile gjekk rimeleg fort unna, og etterpå går døra heilt fint, for første gong på ørten år.
I etterpåklokskapens klare lys ser eg at eg kunne tatt ca 2 mm mindre, men det var vanskeleg å beregne heilt nøyaktig i forveien. Nå sluttar døra nokolunde jamt til heile karmen.

Det går ikkje fram av bilde, men eg har grunna det bare treverket og det gjenstår litt pussing, sparkling og dekkmaling.
Tilpasse karm til vindskeiv dør - ANB_3481.JPG - ariens
Tilpasse karm til vindskeiv dør - ANB_3482.JPG - ariens
Tilpasse karm til vindskeiv dør - ANB_3484.JPG - ariens
Tilpasse karm til vindskeiv dør - ANB_3485.JPG - ariens
Tilpasse karm til vindskeiv dør - ANB_3486.JPG - ariens
Tilpasse karm til vindskeiv dør - ANB_3488.JPG - ariens
Tilpasse karm til vindskeiv dør - ANB_3489.JPG - ariens
Tilpasse karm til vindskeiv dør - ANB_3490.JPG - ariens
Tilpasse karm til vindskeiv dør - ANB_3491.JPG - ariens