1,937    42    5  

ariens: hybelkjøkken

 1,387     Tromsø     0
Etter over 20 år har eg lyst å renovere utleigekjøkkenet. Innredninga fekk eg brukt av ein kompis, og ho har halde seg godt. Nå går ho til ein annan kompis til grovkjøkken.
Dette er siste prosjekt i oppgradering av utleigedelen. Eine hybelen blei renovert for 2 år sidan, tråden ligg her. Resten blei gjort i fjor, tråden ligg her, dessutan har eg skifta ytterdøra.


ariens: hybelkjøkken - 1-DSC_5116.JPG - ariens
Ser heilt greit ut, men litt umoderne.

ariens: hybelkjøkken - 2-DSC_5117.JPG - ariens
Slik var det då eg begynte, 

etter dagens økt var det slik:
ariens: hybelkjøkken - 3-DSC_5118.JPG - ariens
Innredning og utforing mot yttervegg er røska vekk. Murveggen består av betongblokker ytterst og eit lag skjellsandblokker innanfor. Eg vil fjerne skjellsandblokkene og dermed vinn eg nokre cm på rommet. Heile veggen ligg over terreng så eg byggjer eit vanleg stenderverk på innsida.

  (trådstarter)
   #3
 1,387     Tromsø     0
Då er skippertaket unnagjort, å rive skjellsandmuren. 15 cm mur på innsida av yttermuren. Tek mykje plass når kjellaren skal utnyttast. Opprinneleg tenkte eg berre å skifte kjøkkeninnredninga, men så blei det altfor fristande å fjerne denne muren. Nå er han borte, alt er rydda og 1 av 2 lass med avfall er komme på fyllinga. Resten kjem dit i morgon.
ariens: hybelkjøkken - 1-DSC_5122.JPG - ariens
Gode venner når mur skal rivast. Begge frå Biltema, denne gongen brukte eg berre den minste. Eg la dei gamle veggplatene utover golvet for å beskytte belegget.

ariens: hybelkjøkken - 2-DSC_5123.JPG - ariens
Dekke over så ikkje støvet kjem overalt

ariens: hybelkjøkken - 3-DSC_5125.JPG - ariens
Best kontroll ved å begynne på toppen.

ariens: hybelkjøkken - 4-DSC_5127.JPG - ariens
Herifrå kunne eg også bruke slegga.

ariens: hybelkjøkken - 5-DSC_5129.JPG - ariens
Alt er komme ned. Mange blokker kom i eitt stykke, men det blir alltid grus også.
ariens: hybelkjøkken - 1-20170612_200511.jpg - ariens
Kjekt med støvsugar. Og sidan det berre var stein og sand kunne eg tømme posen i ei bøtte etterpå.

Som sagt var dette skippertaket. Resten er stort sett kosearbeid. Avløpsrøret til høgre kjem frå kjøkkenet vårt. Her skal eg sette på ei stakeluke og ei luke i den nye veggen. Så kjem eg til utan å rive noko. Bør stakeluka vere oppe ved taket eller nede ved golvet?

Så skal eg legge vindsperre og bygge ein vegg av 48*98 med sponplater på.
  (trådstarter)
   #4
 1,387     Tromsø     0
Endeleg i gang igjen. Har kjøpt inn materiale til ny vegg, sett på ei grein for å kunne stake avløpet, og meisla og avretta golvet som før var inne i veggen.
ariens: hybelkjøkken - 1-DSC_5136.JPG - ariens
Fann ikkje 50 mm stakeluke, så eg måtte bruke eit grenrør med plugg/ters.

ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Må legge nytt golvbelegg utmed veggen, men håpar eg skal sleppe å legge nytt i heile rommet.


  (trådstarter)
   #5
 1,387     Tromsø     0
Det har gått langsommare enn eg trudde (det skjer stadig vekk), men nå har eg ialle fall bygt opp att veggen. Først vindsperre, så stenderverk. Rommet blir ca 11 cm lenger. Det er ikkje all verda, men innredninga blir ikkje så samanpressa som før.
ariens: hybelkjøkken -  - ariens

ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Eg plar ta bilde av staven og merke av kor ledningane går. Lett å gløyme når platene er komne på. Elektrikar var her og gjorde sitt.

ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Glava og plast er på plass. Neste punkt er å legge plater og gjere ferdig inne i kroken.

  (trådstarter)
   #8
 1,387     Tromsø     0
Det går seint å jobbe med 120 cm veggplater i eit lite rom, men eg har nå fått kledd veggen i dag. Overgangar mellom nytt og gammalt er alltid ekstra plundrete, så her og der er nok brukt ekstra mykje fugeskum og fugemasse. Men eg har fått vindsperra overalt på kaldsida og 10 cm glava. I dag tidleg då eg kom ned var det ekstra varmt i rommet etter at glavaen var lagt i går.
ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Kjekt med luftverkty

ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Avløpsrøret frå vårt kjøkken er sikra og blir tilgjengeleg for inspeksjon. Siste plata skal eg feste med skruar.

ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Rot og støv. Eg har brukt støvmaske omtrent heile dagen.

ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Eg hadde lyst å fore og liste rundt vinduet, men dagen var lang nok. Trur eg kan bruke dei gamle foringane, men kjøpte nye lister. Ved foringa er rommet ca 13 cm lenger, ved kjøkkenbenken ca 11 cm. Den gamle muren kan ikkje har vore heilt rett.

ariens: hybelkjøkken -  - ariens
Restar av plate fiksar himlingen, eg skjuler overgangen med ei smal list. I hjørnet bak komfyr og ventilator er det mykje svart Tec-7 Grin
  (trådstarter)
   #10
 1,387     Tromsø     0
Dagens jobb var å fore og liste rundt vinduet. Dykksaga er heilt suveren når eg skal tilpasse foringane. Då eg begynte som hobbysnekkar, kunne det ta ein liten dag å fore og liste rundt eit vindu. Den gong hadde eg berre handverkty. Med dykksag, kapp- og gjærsag og gjerne ei bordsirkelsag er det ein leik.

Så har eg rydda, vaska ut det meste av støvet og kjørt eit lass på fyllinga.

Neste punkt er å gjere ferdig golvet og male. Eg må vente på golvleggaren, og får ikkje gjort så mykje før han er ferdig.
Eg vurderer å legge flis mellom benk og overskap. Eller finst det plater som er lettvint å skru opp? Dei skal også stå i hjørnet bak komfyren.


,,,
ariens: hybelkjøkken -  - ariens