10 596    24    0  

ariens: nytt til vaskerommet

 1 373     Tromsø     0
I ca 20 år har vaskekaret hunge på veggen, nå har eg lyst å legge det i ei plate med skap under. Plata skal også ligge over vaskemaskina, men skal ikkje kvile på den.
Bilda viser korleis det ser ut i dag.
Så har eg kappa til ei benkeplate i eik heiltre og saga opning til vaskekaret.

Eg har tenkt å olje plata når ho er montert.

Bør vaskekaret limast med silikon, eller kan det berre ligge laust? Eg har tenkt å lime det, men spør nå mens det er tid å tenkje seg om.

Biprodukt kan blir ei skjerefjøl til kjøkkenet.
ariens: nytt til vaskerommet - ANB_6430.JPG - ariens
ariens: nytt til vaskerommet - ANB_6429.JPG - ariens
ariens: nytt til vaskerommet - ANB_6538.JPG - ariens
ariens: nytt til vaskerommet - ANB_6541.JPG - ariens
ariens: nytt til vaskerommet - ANB_6545.JPG - ariens
ariens: nytt til vaskerommet - ANB_6546.JPG - ariens

   #1
 1 231     Bergen     0
Jeg har gjort det samme selv. Brukte silikon for å lime, og fyll karet med vann mens limen tørker. Kar som er laget for nedfelling har noen beslag under for å holde vasken fast, men det skal ikke være noe problem å lime i stedet for. (Jeg hadde også kontakt med produsenten for å være sikker)
  (trådstarter)
   #2
 1 373     Tromsø     0
Bror min som er rørleggar anbefalte meg også å lime. Så det blir vel gjort.

I dag rydda eg rommet og tilpassa skapskroget. Skrudde på stålbein og festa det til veggen med vinklar. For topplata skrudde eg ein vinkel i tørkeskapet og ei støttelist i bakveggen. Så var det diverse plunder og heft med tilpasningar her og der på plata, og tilpassing av nye avløpsrør både for vaskemaskin og vaskekar. Til slutt monterte eg døra, og då gadd eg ikkje meir  ;D.

Eg skal legge ein streng med fugemasse inn mot veggen, og så blir eg vel å lime vaskekummen også. Eg legg ei stripe med maskeringstape langs kumkanten før eg fugar så eg unngår søl utover plata. Og plata skal oljast. Så får vi sjå kor lenge det går før det nye skapet er fullt  ;)

Pga slangane bak vaskemaskina trur eg at eg må demontere plata når eg skal ta ut maskina.  Litt tungvint, men eg håpar maskina held lenge. Ho er relativt ny og med børsteløs motor så det skal vel vere gode greier.

Då er jobben stort sett ferdig og det er ikkje meir å fortelle om den, trur eg.
ariens: nytt til vaskerommet - ANB_6547.JPG - ariens
ariens: nytt til vaskerommet - ANB_6548.JPG - ariens
ariens: nytt til vaskerommet - ANB_6550.JPG - ariens
ariens: nytt til vaskerommet - ANB_6552.JPG - ariens
  (trådstarter)
   #6
 1 373     Tromsø     0

Dette var en god ide!


Takk  :)


Har lyst til det samme, men har fliser på veggene -hva gjør man da for å feste platen til veggen?


Du kan vel feste plata med Tec-7 eller silikon? Begge deler fester veldig godt så framt underlaget er nokolunde reint.

Sidan sist har eg limt vaskekummen fast i plata med brun silikon, eg la også ei stripe for å tette mellomrommet inn mot tørkeskapet og mot bakveggen. Plata er skrudd i underskapet, men denne silikonstrengen limer henne også mot vegg og tørkeskap  .

Eg synest det er fordel å bruke maskeringstape før ein påfører fugemasse, då er det lettast å få ein pen kant.  Siste bilde røpar at eg ikkje maskerte veggen før eg la på massen  Sad.

Så har plata fått 2 strøk olje hittil, har tenkt å sette henne godt inn så ho ikkje tek flekker så lett.

Når eg må ta fram vaskemaskina, skal eg lage ei høveleg opning i skapsida slik at eg kan inspisere slangane bak vaskemaskina frå skapet. Samtidig skal eg få lagt inn eit stikk for vaskemaskina inne i skapet så eg slepp kabelen gjennom benkeplata.  Dermed slepp eg demontere benkeplata.

Siste redigering: 23. januar 2014 12:45:35 av ariens
ariens: nytt til vaskerommet - ANB_6554.JPG - ariens
ariens: nytt til vaskerommet - ANB_6556.JPG - ariens
ariens: nytt til vaskerommet - ANB_6557.JPG - ariens
  (trådstarter)
   #7
 1 373     Tromsø     0


men har fliser på veggene -hva gjør man da for å feste platen til veggen?


Du må vel også skru i veggen, for å feste eventuelle beslag, festevinklar etc. Eg har ikkje stor erfaring med dette. Eg ser at dei prøver å bore i flisfugene så lenge det er mulig. Det skal gå an å bore i flisa også, med murbor men utan å la drillen slå. Så er det vanleg å bruke pluggar eller eventuelt gipsanker for å gje feste for skruen. Ein oppegåande byggforretning skal vel kunne gje råd også.

  (trådstarter)
   #9
 1 373     Tromsø     0

skal prøve fikse noe slik som du har gjort.


Lykke til  :)


Eit triks når ein skal bore i flis, set ein tape på flisa slik at ikkje boret sklir.
Siste redigering: 23. januar 2014 23:30:32 av ariens
   #10
 6 569     Akershus     0
Fint prosjekt, flott resultat! Alltid fint å kunne gjøre oppussing som ikke snur hele huset på hodet mens det står på Smile
Signatur