(trådstarter)
   #22
 1,387     Tromsø     1
Så har eg skifta vinduet, sett opp ramma for vegg mot gangen, røska vekk det meste av stenderverket som skal skjerast ned, og lagt isopor på golvet.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Eg bora ei rekke med hol slik at det skulle bryte omtrent der eg ville. Det må justerast meir, det kjem seinare.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Her er verktyet eg brukte.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Så har eg fått meg spikeranlegg sidan sist. Dessverre får eg ikkje brukt det så mykje. Coilpistolen for opptil 75 mm spiker overtok eg frå ein kompis. Ordinær spikerpistol og krampepistol kjøpte eg nye.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Denne Stanleyen på 3 hk driv det meste, og hjelper også til i garasjen.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Her er veggen reist igjen, vinduet er skifta og isopor kommen på golvet
ariens: renovere bad  -  - ariens
Eg la mørtel rundt alle kantar og opningar slik at ikke påstøypen skal renne under isoporen og løfte platene. For sikkerheits skuld. Nå manglar berre armeringsnett før elektrikaren kan legge varmekabel og montere rør og boksar.
  (trådstarter)
   #23
 1,387     Tromsø     0
- "og så kjem det je itte keinn", snart i alle fall. I dag var elektrikar og la varmekabel og monterte boksar. Og i morgon skal eg gjere det eg ikkje kan, eller i alle fall ikkje likar, støype over varmekablane.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Det elektriske blir nokså likt det som var
ariens: renovere bad  -  - ariens
Eg måtte bruke forhøyningsring på sluken så han kom høgt nok Sad. Nå skal alt vere klart for påstøyp. 
  (trådstarter)
   #24
 1,387     Tromsø     0
Lettelse, golvet er støypt. Eg brukte Uniplan Eco, så slepp eg å vente i mange veker før eg kan legge golvbelegg
ariens: renovere bad  -  - ariens
Det blei støypt ca 3 cm over varmekabelen, totalt bortimot 5 cm. Tilogmed ser det ut som det blei fall mot sluken Smile.
  (trådstarter)
   #27
 1,387     Tromsø     0
Nei, var ikkje klar over noko slikt. Betyr det at påstøypen vil ekspandere?
Han ligg mot treverk på 2 sider, mot mur på ei side og mot styrofoam på ei side. Mot muren er det kanskje lite å gjere, dei andre sidene kan eg kanskje gjere noko med. Kor stor klaring er det behov for? Rommet er ca 130 x 200.

  (trådstarter)
   #28
 1,387     Tromsø     0
cosmo, eg er visst blitt gammal og glømsk. Eg har faktisk brukt slikt band 2 gonger, og resten låg i verktybua. Men det var heilt ute av tankane sidan det er fleire år sidan eg brukte det.

Idag har eg isolert og platekledd himlingen.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Huset frå 1951 hadde ingen isolasjon i vegger eller tak, men var elles prega av godt handverk. Og i etasjeskillet mot 1 etasje var det 2 cm sydde matter med rockwool. Eg fjerna den og la 15 cm glava. Mot venstre kom eg ikkje til, men eg la ein vindsperreduk i rommet og fuga rundt den. Så blir det vel mindre trekk.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Det står litt igjen ved rørgjennomføringa, det kjem seinare. Har tenkt å kasse inn avløpsrøret.
  (trådstarter)
   #30
 1,387     Tromsø     0
Det er mykje jobb med å ordne veggen som skulle reduserast frå 4 toms stav til ca 6,5 cm. Ikkje spesielt vanskeleg, men det tek si tid. Forsterka stenderane med ein ekstra stender som ble skrudd inntil, og dermed oppnår eg også plant underlag for platene. Det gamle stenderverket kjem ikkje i kontakt med platene.
Så la eg rør for ein datakabel i same veggen.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Dei nye stenderane er skrudd på venstre side. Datakabel i 20 mm rør øverst. Resten er eksisterande kjøkkenopplegg.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Eg måtte også kubbe ved tak og golv. Nå gjenstår reisverk på dei to siste veggene. Mot yttermuren legg eg 5 cm styrofoam plater, med vindsperre og reisverk innanfor.