#61
 475     Stavanger     0
Om du vil være petimeter så legger du ett lag gips utenpå den eksisterende, deretter taklist/hulkil, fugen forsvinner kanskje da?

  (trådstarter)
   #62
 1,387     Tromsø     0
Eg må skjule 6 cm, og eg har tenkt å gjere det enkelt og legge golvlist under taket. Eit lag til med gips synest eg blir for mykje arbeid. Den største hulkilen eg fann var stor nok, men profilert og altfor dominerande i dette rommet.

Det er første gongen eg legg baderomspanel og har lært ein del underveis. I etterpåklokskapens klare lys ville eg vel ikkje valt flismønster utan å vurdere korleis det passar ut med størrelsen på rommet. Nå tok eg ganske enkelt eit panel som var på tilbud. Med erfaring kunne eg ha unngått nokre tabbar underveis.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Men i dag har eg i alle fall blitt nesten ferdig. Eg tilpassa platene på heile veggen før eg monterte dei, og eg greidde faktisk å få fugene til å møtast i same høgd i det kritiske hjørnet. Nå har eg montert dei to siste veggene, men dei to hjørna på ytterveggen er ikkje ferdige.
Avløpsrøret kjem innanfor den forsegla sona, men eg skal skjule det med ein kasse, forhåpentleg kan eg vise den i morgon. Men vannrøra blir ikkje innebygde, eg lar dei ligge synleg, det er idiotsikkert opplegg.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Og så ein enkel detalj over døra.
   #63
 475     Stavanger     0
Dette blir knallbra, den fugen skuler du med en list som du sier. Jeg ville muligens vurdert en glattkant, gjerne høvlet /skjært ned til 8-9 mm x 60mm. Antar du planlegger kasse i samme utføring som vegger? Denne burde jo være grei å bare fuge på plass med sikaflex. Det sitter jo som støpt, og vil vel faktisk by deg på en utfordring om det skal åpnes opp en gang? Jeg ville vel gjerne også laget ett lite hull nederst i en cm høde over ferdig gulv, i tilfelle lekkasje, så ser du det på gulvet før det stiger til en meter inne i kassen!
  (trådstarter)
   #64
 1,387     Tromsø     0
Takk for det roebba. Glattkant skal vurderast. Eg har dessverre kjøpt inn vanleg taklist og grovkappa, så den kjem nok i garasjen inntil vidare.

Kassen skal lagast av avkapp, forhåpentleg er han ferdig i morgon. Då skal eg vise korleis han blir. Det må vere ei form for avløp ja.

Kona foreslo at eg kan lage skrog til speilskap av andre restar. Eg får jo installert stikk og lys uansett, og treng kanskje ikkje bruke fleire tusen på eit skap med lys og stikk innebygt.
  (trådstarter)
   #65
 1,387     Tromsø     0
Ein lang dag, men kassen blei påbegynt og ikkje ferdig. Så var elektrikar her, og på slutten av dagen slappa eg av med å montere dørkarmen og tilpasse vindusforingane.

ariens: renovere bad  -  - ariens
Det er ein liten kant i veggen pga gammalt hus der ikkje alt lar seg strømlinjeforme.

ariens: renovere bad  -  - ariens
Eg forlengar plata så ho også blir kasse. Forseglar mot den korte plata th for avløpsrøret
ariens: renovere bad  -  - ariens
Så låser og forseglar eg i hjørnet og byggjer så langt eg skal fram i rommet.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Frå andre sida. Plata th skal fikserast. Plata som kjem mot fotografen skal eg skru slik at kassen kan opnast utan å ødelegge forseglinga. Forseglinga er bak avløpet her.
Dette må eg fortsette med i morgon når eg er utkvild. Lett å gjere feil etter ein lang dag.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Så litt kosearbeid med vindusutforing. Eg forsegla baderomspanelen inn mot vindusopninga. Og kassen går fint inn i samanhengen.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Deenne døra var boddør i eit staseleg hus her i byen, så ho er i alle fall frå 1925, kanskje tidlegare. Eg overtok henne då ho blei ti overs og har allereide brukt henne her i over 20 år. Men eg laga utsparing til vanleg dørlås.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Langsmed arbeidet med badet har eg malt og ordna i vår eigen del av kjellaren. Nå er det klart for nytt inventar.
  (trådstarter)
   #67
 1,387     Tromsø     0
Ord i rette tid Mestertomas. Eg lurte på korleis eg skulle låse glidemmuffa, for eg har ei erfaring frå nokre år sidan om at ho kan gli på eiga hand Sad.
Eg kjøpte ei kombiklemme, men ha var litt for rom, så eg la ein sykkelslange på innsida i tillegg til pakningen. Er det godt nok eller bør eg få ei mindre klemme?
Nedover kan ho ikkje gli her.
ariens: renovere bad  -  - ariens

  (trådstarter)
   #68
 1,387     Tromsø     0
Eg kjøpte desse ventilane på ein ordinær rørleggarforretning, slikt kjøper eg ikkje på Jula eller Biltema. Plutseleg begynte den eine å drype ved vridaren. Eg syntest vridarane var litt lealause og stramma skruen. Nå er det tett igjen. Forklaring? Følest ikkje trygt å ha slikt i huset.

ariens: renovere bad  -  - ariens

Omsider er eg ferdig å kle veggene. Eg laga ei ramme som blei limt og skrudd på eine sida av kassen.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Så blei utvendig hjørnelist skrudd i ramma.


ariens: renovere bad  -  - ariens
Kassen blei montert med fuga og tett innvendig hjørne, og godt fuga mot den opne plateenden. Ramma blei skrudd i motsett vegg. Den andre sideplata blei skråskoren 30 grader på begge sider for å få den lettare av og på etter at kassen er montert
ariens: renovere bad  -  - ariens

ariens: renovere bad  -  - ariens
Så blei ho festa i ramma med nokre plateskruar. Ikkje veldig synleg, og jammen stemte høgda på fugene, nesten på mm. Nå kan eg ta ut denne plata for inspeksjon.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Nå er eg usikker på om eg skal ta bryet med å lage sokkel.
ariens: renovere bad  -  - ariens
I alle fall har eg lista rundt døra
ariens: renovere bad  -  - ariens
or rundt vinduet.
Neste punkt blir å fjerne overflødig fugemasse rundt omkring, liste i taket og på badsida av døra.