#91
 6,701     Akershus     1
Og når alt går i stykker på en fredag er det vanskelig å finne frem til det man trenger Smile

  (trådstarter)
   #92
 1,387     Tromsø     1
Og når alt går i stykker på en fredag er det vanskelig å finne frem til det man trenger Smile

Og:
2. Alle relevante butikkar og handverkarar har tatt helga
3. Eg har det eg treng, men har gløymt at eg har det, ref bilde ovanfor.
  (trådstarter)
   #95
 1,387     Tromsø     0
Badet er ferdig og leiligheita klar for nye bebuarar.
Bua vår ved sida av får seg ei renovering med nytt golvbelegg og litt ominnredning. To nye fryseskap er på vei og skal erstatte den 30-40 år gamle fryseboksen. Det er blitt eit usunt klima under den etter kvart, det er alltid vått på golvet. Etter lang og tru teneste må vi kassere han.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Restar av baderomspanelen blir hyller i ein ny reol der frysen stod.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Her er rammeverket, men eg skal lage meir understøtting under platene. 3 på tvers under kvar plate. Veggen bak er ikkje bein og ikkje i lodd, og det forplantar seg til reolen også.
  (trådstarter)
   #96
 1,387     Tromsø     0
Då er det meste på plass. Nye fryseskap kom i dag og skal berre stå litt før strømmen kjem på.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Her er hylle 1 og 2 ferdig understøtta
ariens: renovere bad  -  - ariens
Ferdig
ariens: renovere bad  -  - ariens
allereide fullt i hyllene
ariens: renovere bad  -  - ariens
lett tilgang til frysevarene. Må få lagt eit stikk i taket etter kvart.

Då er dette prosjektet for ferdig å rekne Smile. Det har tatt nokre timar. Nå kjem snart nye leigebuarar også.
  (trådstarter)
   #97
 1,387     Tromsø     0
Den andre gamle fryseboksen (th på bildet over) har også leke vatn på golvet, så vi har skifta den. Må gjere noko med golvbelegget der også. Ikkje så lurt å vente for lenge med å skifte frysar, har eg funne ut. Sjølv om dei har vart lenge. Bdw, nye leigebuarar er flytte inn, så det nye badet er tatt i bruk.

  (trådstarter)
   #100
 1,387     Tromsø     0
Golvet i kjellargangen var ujamnt og ikkje i plan med bua den blei slått saman med. Nå har eg avretta heile golvet 1,5-2 cm med fibermasse. På grunn av inventaret måtte eg ta det sonevis. Andre prosjekt har også gjort at det har dratt ut, men i dag har eg avretta siste sona. Så skal eg legge golvbelegg, og dernest blir det ei tiltrengt opprydding i verktybua.

Vi fekk nye lys (3 stk 10 w ledlys) som gjer heile rommet mykje lysare og trivelegare. Med nye fryseskap og ny fryseboks har rommet fått ei skikkeleg ansiktsløftning. Skikkeleg inntrykk kan eg ikkje formidle før golvbelegg er på plass og alt er rydda.
ariens: renovere bad  -  - ariens
Nest siste sone støypt i går
ariens: renovere bad  -  - ariens
Siste sone utlagt i dag.