21 134    82    7  

ariens: renovere hybel

 1 387     Tromsø     1
For ca 20 år sidan laga eg til ein hybel i kjellaren, som har vore populær i alle år sidan. Nå synest eg det er på tide å renovere den, og i dag har siste bebuar rydda den, og eg er i gang.
Eg møter stadig mitt eige arbeid når eg tek til å rive, så det kjem ein del nostalgiske følelsar underveis.
Her er meg den gongen, hadde stor nytte av Gjerdesaga mi.
ariens: renovere hybel -  - ariens

Hybelen er ca 10,5 kvm, og ved å flytte ein vegg får eg ca 1 kvm meir. Han blir då 4,55 x 2,53m. Gangen blir derimot smalare enn før. Han er 6,5 m lang og blir ca 115 brei.

ariens: renovere hybel -  - ariensariens: renovere hybel -  - ariensariens: renovere hybel -  - ariens

Nå har eg rive panel og isolasjon, underveis fann eg ein veggboks som var dårleg festa, og stikken var ganske lealaus.
ariens: renovere hybel -  - ariens

Eg har tenkt å rive mest mulig så fort som mulig og få det på dynga. Så må eg slå opp noko av golvet, men meir om det seinare.

   #1
 6 690     Akershus     0
Artig! Flott dress du hadde på det gamle bildet - liker spesielt godt at du hadde skjorte under. Har du gjerdesaga ennå?

Ser frem til å følge prosjektet!
Signatur
   #2
 2 435     Hordaland     0
Veldig kjekt å se at huseiere har interesse av å pusse opp utleiearealene i blant! Mange som tenker at "hybel er hybel" og skrur opp utleieprisene hvert år i tråd med markedet, uten å gi hybelen et malingsstrøk.

Det var et veldig stort gangareal på det ene bildet. Kanskje du har mulighet for å endre litt på vegger mens du er i gang, slik at for eksempel stue eller andre rom kan gjøres større? Kanskje det kan åpnes opp på et vis og slås sammen med andre rom?
Signatur
  (trådstarter)
   #3
 1 387     Tromsø     0
Takk for hyggelege tilbakemeldingar. Den oransje kjeledressen hadde bror min til overs, trur det stod Statoil på ryggen. Gjerdesaga har eg ennå, har hatt utruleg mykje nytte av den i over 20 år. Dei siste åra har eg også hatt DeWalt 745 bordsag og til kvardags brukar den den mest. Der er inga tilrigging. Gjerdesaga er rustfritt stål og solide dimensjonar, bygd med god norsk kvalitet som dei sa før i tida, for å vare lenge. DeWalt saga er vel ikkje fullt så solid. Men eg er glad for begge.

Så til prosjektet.
Har fortsatt å rive idag, først og fremst med kubein og bajonettsag, og avfallshaugen blir stadig større. Litt trist å rive det eg sjølv har bygt.
ariens: renovere hybel -  - ariens


Her er original teikning av kjellaren

ariens: renovere hybel -  - ariens

Det var omtrent slik då vi overtok. Dei to brenselbuene oppe tv blei til verktybu (burde vore dobbel så stor). Bua oppe th har eg gjort om til kjølerom.
Arb.rom og bad blei slått saman til hybel i 1994, og vaskerommet blei til hybelkjøkken. Innerst i den lange korridoren blei bad.

Dette er innteikna nedanfor, og der er hybelen slik eg tenkjer å ha den. Veggen mot gang blir flytta ca 20 cm inn i gangen,
ariens: renovere hybel -  - ariens

Huset har dobbel grunnmur. Først massive betongblokker 15 cm, dei er veldig harde. Så 15 cm blokker av skjellsandstein.
ariens: renovere hybel -  - ariensariens: renovere hybel -  - ariens

Viss eg tek arbeidet med å fjerne skjellsandmuren, vinn eg ca 15 cm både i bredde og lengde, og rommet blir då nesten 13 kvm, 2 meir enn hittil. Eg trur den inste muren berre er meint som isolasjon, og det må vere betre å bygge reisverk med glava i staden.

Elles skal eg ha nye vindu som er 20 cm høgare så det blir meir dagslys. Nye 3-lags sikkerhetsvindu er komne i hus.
ariens: renovere hybel -  - ariens

På 90-talet gjenbrukte eg alt eg kunne. Eg likar ikkje å kaste brukbare byggevarer, men det blir nok gjort nå. Altfor mykje å mellomlagre, eg må ha plass å arbeide på.
ariens: renovere hybel -  - ariens

og det blir nok ennå meir enn dette. Fekk kapell på hengaren i dag, men ikkje tidsnok til å nå avfallsstasjonen.
ariens: renovere hybel -  - ariens





  (trådstarter)
   #4
 1 387     Tromsø     0
I dag har eg fjerna skjellsandblokkene på endeveggen, det medførte aldri så lite støv og rot i rommet
ariens: renovere hybel -  - ariens

ariens: renovere hybel -  - ariens

Konfererte med naboen som har same slags grunnmur, og han tenkte som eg at desse blokkene med fordel kan fjernast.

Eg ser at vindua er plasserte langt nede på veggen, og det vil vere best å utvide opninga oppover.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Det vil vel medføre endå meir pusk, eg må vel forsterke muren over vinduet. Kanskje kan eg bruke ein i-bjelke av stål over vinduet? Det er jo litt plundrete å støype inni veggen slik. Nokon som har gode forslag der ute?

Nå ser eg fram til mandag når eg får kvitte meg med ein del avfall.
  (trådstarter)
   #5
 1 387     Tromsø     0
Meir støv og rusk i dag. Nå har eg fått ned nesten alle skjellsandblokkene.

ariens: renovere hybel -  - ariens

ariens: renovere hybel -  - ariens
.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Forsterkninga over vinduet må eg fjerne heilt, og få ei avstiving høgare oppe
ariens: renovere hybel -  - ariens
Den største kombihammaren frå Biltema har fått kjørt seg idag,
ariens: renovere hybel -  - ariens
i tillegg til slegge og spett.

Håpar å få ned resten og få kjørt det bort i morgon.
   #6
 6 690     Akershus     0
Her har det skjedd litt. Det ble omfattende saker med riving av skjellsandblokker, men greit å gjøre jobben når man først er i gang.

Du har kontroll på fukt med tanke på at dette er en kjeller? Eller er kanskje hele kjelleren over bakkenivå?

Ellers støtter jeg deg i å gjenbruke brukbare byggevarer, men noen ganger blir det rett og slett bare for mye plunder med det. Har selv gjenbrukt noen gamle materialer i mine egne prosjekter, stort sett til reisverk og rupanel. Men ofte blir det ødelagt når man river, i særdeleshet panel.
Signatur
hro
   #7
 1 574     Trondheim     0
Fint arbeid å ta til med i en sommer. Kikket kjapt på tegningene dine for den nye hybelen. Hvorfor opprettholde gangen / flytte veggen? Kan ikke se dette er en bærende konstruksjon.

I og med tilstrekkelig nedriving, bør det være en rimelig enkel sak å brannklasse hybeletasjen til å være egen boenhet (ev sett inn B30 35dB dør til trappeløpet og reetabler dører i verktøyboden(e).

Da får du en hybel som er like stor som mange velger å kjøpe som "førstehjemsbolig" i dag.
Signatur

  (trådstarter)
   #8
 1 387     Tromsø     0
Vi har ein hybel til som brukar same inngang, bad og kjøkken, og den har tilkomst gjennom kjøkkenet, difor kan eg ikkje ta vekk korridoren, sjølv om eg gjerne skulle gjort det. Den andre hybelen ligg under eit tilbygg på huset.

ariens: renovere hybel -  - ariens

Dei to hyblane blir meir likeverdige med den oppgraderinga eg gjer nå. Den inntegna døra til verktybua brukar eg nesten aldri. Eg har ein opning under trappa så eg slepp å gå gjennom utleigedelen.

I dag har eg fått fjerna resten av skjellsandveggen

ariens: renovere hybel -  - ariens
desse fargane blir vel moderne igjen ein gong

ariens: renovere hybel -  - ariens
denne og

ariens: renovere hybel -  - ariens
Einaste forandring i eksteriør blir større vindu

ariens: renovere hybel -  - ariens
brutal metode for å få opp golvet.

Då eg fekk vekk tregolvet, viste det seg at tilfararane under var knusktørre. Heile golvet ligg over terrengnivå. Dermed treng eg ikkje pigge opp betongen, må berre jamne litt i den delen som opprinneleg var bad. Så har eg tenkt å legge ein varmefolie på, og laminat oppå. For å lune golvet, hovudoppvarming skal fortsatt vere panelovn.

Med det oppbygde golvet vekke, kom vindua nesten 10 cm høgare på veggen, til ca 180 cm. Med tanke på alt arbeidet med å utvide vindusopninga oppover med tilhøyrande forsterkning, er eg tilbøyeleg til å utvide nedover. Det er eit kompromiss eg trur eg kan leve med. Det blir altså 20 cm høgare vindu med topp ca 10 cm høgare over golv, og vindusposten blir ca 15 cm grunnare. Alt dette vil gje meir dagslys.
  (trådstarter)
   #9
 1 387     Tromsø     1
I dag har eg tømt og spylt rommet.
ariens: renovere hybel -  - ariens
Laga ei utsparing over venstre vindu der eg støyper inn armering. Dette vinduet er komme inn seinare, og manglar avstiving over.

ariens: renovere hybel -  - ariens
Over det andre vinduet tok eg vekk nederst på betongdragaren slik at eg får vindusåpninga endå 5 cm opp, til ca 185 frå golv.

ariens: renovere hybel -  - ariens
Golvet under det gamle badet var litt hummar og kanari, der må eg støype igjen ei opning. Elles må eg støype i litt her og der, og til slutt må eg avrette golvet med flytande masse.