216    6    0  

Billigløysing med epoxymaling i baderom?

 9     0
Eg har eit gammalt bad, som for ein del er heilt greitt, men eg har eit dusjhjørne der ting byrjar bli litt flyssete, med baderomstapet og sånn...

Problemet, viss ein ikkje gidd eller tek seg råd til totalrenovering av badet, er at det er vanskeleg å byrje flikke på ting utan at det eine tek det andre med seg.

Golvet er baderomsbelegg i vinyl, som nok òg kunne vore byta, men som likevel er tåleg greitt...

Det er tenkjer er altså ei billig løysing:

  • Flekke av all tapet på dei to veggane som soknar til dusj-hjørnet.

  • Sparkle og pusse (sponplater)

  • Lime opp tynn, glatt glassfibertapet, med våtromslim, med overlapp mot vinylgolvet.

  • Male to strøk med tokomponet epoxymaling, a la Sigural



Nytt bad for 1500 kroner... Tongue

...må vel koste på nokre kroner på å male resten av badeveggane, og reisne golvet litt, for at kona skal bli tåleg nøgd kanskje Grin

...eller er her nokre fallgruber eller dårlege vurderingar i botn? Nokon som har erfaringar med liknande løysingar?

Våtromsnormer og sånn bryr eg meg lite om, så lenge golvet er tett...

HSt
   #1
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Ikke Finn opp egne løsninger, skal du ha malte vegger bruk Jotun sitt våtrom system.
  (trådstarter)
   #4
 9     0


Nja, det er vel ikkje heilt godkjent på veggplater av spon...

...men prosedyren eg hadde tenkt er ikkje veldig ulik:

  • Opprinnelege plater anno 1986 (spon), som eg vil skru fast til stendrane i tillegg spikrane, som sikkert er det opprinnelege.

  • Armering av skøytar og hjørne (glassfiber/epoxy)

  • Våtromssparkel

  • Våtromslim

  • Finmaska glassfiber-tapet, med overlapp mot golv

  • Epoxy-maling



...og vil neppe bruke Jotun sitt sortiment, for det kostar skjorta.

Prosjektet gjeld berre dusjhjørnet. På resten av veggane vil eg bruke våtroms akrylmaling, vere seg Jotun eller anna. Det er det eg har på veggen no, og det er heilt greitt, utanom i dusjhjørnet då...difor helst noko som er litt meir haldbart.

Har òg fått tankar om å male vinylgolvet med epoxymaling, for det er det visst andre som har gjort med hell. Då blir det mest full renovering... Smile
HSt
   #5
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Din løsning må tette mot vinyl gulv der har Jotun en oppskrift som du kan følge. Du må lage din egen oppskrift

Tror epoksy malingen din et dyr også så tror ikke det er penger å spare.

Jeg la Heydi K10 med glassfiber duk armering bak et badekar, Jotun sitt system heftet godt til dette (jeg hadde reparert veggen der før jeg limte dette utenfor)

Er vel ca 30år siden jeg gjorde dette hos foreldre, den har fått et nytt strøk maling i mellomtiden og begynner nok å nærme seg behov for en oppussing, men tror ikke en kan hevde at holdbarhet er dårlig