46    0    0  

Golvbelegg gang, i gammalt murhus.

 1     0
Eg tenkte å starte oppussing av inngangsparti. Det er eit relativt gammalt murhus, og nokså dårleg isolert.
I gangen ligg der no dekkande teppe på betong. Dette må vekk, då hunden riv det i stykker. 

Eg tenkte å legge golvbelegg. Bør eg isolere mellom betong og golvbelegg? Det er begrensa plass, så eventuell isolasjon må vere i form av isoleringsmatte eller liknande. Eg har lest at det lett kan oppstå fukt i slike tilfeller? Det er ikkje aktuelt å fjerne betongen og legge nytt for å få plass til skikkeleg isolering. 

Ser etter ei løysing som eg kan legge sjølv og som ikkje tek for lang tid.


Vegg og tak tenkte eg å sparkle, pusse og måle. Gang er typ 1,5 x 4-5 meter. Tenker at med ein god plan og riktig utstyr på plass så bør dette arbeidet kunne ordnast på ei arbeidsveke? 

Ser fram til eventuell tilbakemelding. På førehand takk.