(trådstarter)
   #51
 2,987     Vestlandet     0
OP-deck skal sjekkast ut. Har sendt epost til dei no. Takker for tips.

Edit: Eg ser no frå ein ana tråd at Til tak opplyser ein pris på 2 000kr/kvm eksl. moms. For meg er 105 000kr for eit halvferdig bodtak på 42kvm ein meget drøy pris.

Signatur

  (trådstarter)
   #52
 2,987     Vestlandet     0
OP-deck vert kr 116 250 inkl frakt og mva.

Det har ikkje eg råd til.
Signatur
HSt
   #53
 37,306     Lillestrøm kommune     0
Jeg strakk spennet en del lengre enn 5m når jeg brukte Kertobjelker med 30cm høyde. Kanskje kan S-bjelke eller K-bjelke (samme produkt forskjellig produsent) klare dette på 5m det ble for svakt på mitt prosjekt. Problemet er å få lufting når du egentlig ikke har høyde til krysslekting og bjelkene ender inn mot husveggen. Alternativ ellers er varianter av stålbjelker med 2x8" sperrer e.l.

Det er dyrt å bygge med store spenn
  (trådstarter)
   #54
 2,987     Vestlandet     0
Op-Deck har vannvittig pris.

Koljern er sikkert og dyrt, men verken Monter Optimera eller Foamglas vil selja dette til meg, så det utgår uansett.

Samvirkedekke: Er det eit alternativ?

Ellers ser det ut som eg sit igjen med trebjelkelag som siste løysing....
Signatur
  (trådstarter)
   #55
 2,987     Vestlandet     0
Fann eit bilete her på BB av ei skisse, som har omtrent dei måla eg ønskjer meg.


7,2m er lengda me ønskjer, då det er breidda på huset.
6,2m brei får me den nok ikkje pga skråning nedover på sida av huset.
Me tenker om lag 2,5m garasjeport og ei dør.
Den skiljeveggen bør me kanskje setja opp for å ta marktrykk bak garasjen (ca. 1,5m tilbakefylling)? Den vil jo då halveraspennet i den delen av garasjen.
Signatur
HSt
   #56
 37,306     Lillestrøm kommune     0
Tilbakefylling på 1,5m er ganske udramatisk.  Når vi brukte KUB mur bak og har tilbakefylling 2.3-2.4m så fylte vi med løs Leca og så lurte vi inn en veggstubb som gikk utover i terrenget bak så vi fikk en sidestøtte, men som gikk bakover og ikke forstyrret bruken inne.

Hvis du ønsker dene skilleveggen så kan du kanskje ha en bjelke over porten og en på enden av denne muren og på den måten legge opp kortere taksperrer som ikke krever like grov dimensjon.
  (trådstarter)
   #57
 2,987     Vestlandet     0
Ok, så då TRENG eg ikkje bekymra meg for om me må ha denne støtteveggen.

No har eg skrive garasje heile vegen. Dette fordi eg har tenkt lik utforming som ein garasje. Men iom at det er i hagen, og ikkje skikkeleg innkjørsel, kjem nok ikkje dette tilbygget til å verta brukt som bilgarasje. Det vert vel utebod til hagebord, grasklippar osv, kombinert med snekkerbod, vedbod, ekstrabod for det me ikkje får plass til innendørs, ekstra inngang for ungar med gjørmete klede, klestørk, osv. Så stort sett alt anna enn garasje:)

Sjefsarkitekten i heimen hadde visst nokre nye idear til bruk og utforming av boden/"garasjen". Så det er kanskje tilbake til start igjen. Foreløpig veit me at det skal byggjast der for å utnytta plassen under terassen.
Signatur

  (trådstarter)
   #58
 2,987     Vestlandet     0
Prøver meg igjen med desse spørsmåla, og ser om eg får napp men eg prøver å finna ut av takkonstruksjon.

2 Kor djupt må det gravast for drenering? Topp av drensrøyr skal vel liggja under botn av bankett? Så eg bør derfor grava til nederst på bankett + .... cm?

3 Kor djupt bør eg grava ned for såle i garasje? Til ønska golvniva, og ... cm under det for xps og betong?

4 Støypa såle før veggar, eller omvendt?

5 Korleis støypa såle? Leggja ned .... cm xps, laga forskaling rundt, og leiga pumpebil til ... cm betongsåle? (rett under 50kvm dersom veggar kviler på såle)

6 Veggar er tenkt bygd med ei eller anna form for byggeklossar system (Glava, Jackon KUB e.l)). Kva vert anbefalt? (garasje og sokkel skal isolerast og det vert tilbakefylt massar om lag 1,5m i bakkant, eller mot fri)

Signatur
  (trådstarter)
   #59
 2,987     Vestlandet     0
Har fått svar frå firma eg har forespurd om hulldekke.

7,6m x 6,0m hulldekke (HD200) kjem på kr 28 500 inkl mva.
Frakt kjem på kr. 5 250 inkl. mva.
Så oppgir dei prosjektering til kr. 1 312,5 per time.
= 35 000kr til saman.
Eg reknar med det vert ein heil del meirkostnader her, blant anna heising av element osv osv.
God pris?

Som eg kan sjå utifrå tabellen i betongelementboka, vil HD 200 med fritt spenn på 7,2m ha om lag 9,5Kn bæreevne. Med om lag 2,5Kn eigenvekt, gir det 6,5Kn - 7,0Kn nyttelast/snølast per kvm. Med andre ord plenty for meg. Ser dette riktig ut?

Det ser ut som det må verta hulldekke, eller ei eller ana form for trekonstruksjon saman med stålbjelkar (ser det er ein nystarta tråd om det her på forumet) til tak. Tar gjerne i mot innspel

Har og fått epost med tilbud frå Sundolitt.
Til saman 49kvm KUB U17 (det er vel den på 350mm med 10+10cm isolasjon?) til 33 000kr inkl. mva. Dette gir kvadratmeterpris på om lag 675kr/kvm.
Grei pris?

Sundolitt kunne og levera XPS300 50mm til ca. 92kr/kvm.

Signatur
  (trådstarter)
   #60
 2,987     Vestlandet     0
Jackon Thermomur 350 har eg fått pris på kr. 246 eksl. mva per blokk (120cm x 30cm). Som gir kvadratmeterpris på ca. 850kr/kvm inkl. mva.

Jackon Thermomur 250 vert kr. 575/kvm inkl. mva.
Signatur