(trådstarter)
   #11
 492     Møre og Romsdal     0
Advarsel: Her kjem eit dumt spørsmål :)

Huset vårt er eit såkalt Finskehus (også kalt Devoldhus), og det ligg ikkje noko isolasjon i ytterveggar. Dette vil oss sjølvsagt utbedre no når veret tillét det. Tenkte i utgangspunktet 10 cm, evt. krysslekte for å bruke 5+5 cm. MEN! Oss tenkte å begynne med begge kortsidene av huset i år. Korleis vert det då med kledninga på langveggane, den vil jo bli for kort? Brukar ein då solide hjørnebord eller?
Signatur

  (trådstarter)
   #12
 492     Møre og Romsdal     0
Nok eit dumt spørsmål, korleis blir dimensjonen på utvendig kledning målt? Stussa litt, sidan eg ser at storparten av all kledning som blir solgt er i dimensjon 19x148 mm. Kledninga vår derimot ser ut som den er av ein større type, muligens 198?(ser dessverre ikkje profilen på kledninga sidan hjørneborda er på) Kjedelige saker, då Coop Obs Bygg i desse dagar køyrer tilbud på 19x148mm :)
Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 - 20140407_223359[1].jpg - Tandstad
Signatur
  (trådstarter)
   #13
 492     Møre og Romsdal     0
Lite aktivitet her inne gitt, har x antall prosjekt på gang, samt at oss også fekk ein liten gut for under to veker sidan. Per no så er dei mest prekære prosjekta å få ferdig "kombi"-soverommet, altså vårt hovedsoverom som har direkte inngang til rommet ved sidan av, der det blir barnerom og garderobe. Det som har vorte gjort:
-Bytte ut alt av stålrør og gammal el-kabel til ferdigtrekte k-rør og elko-utstyr. Det har vorte nokre timar liggande oppe på mørkeloftet med bajonett/vinkelslipar for å få vekk røra som sjølvsagt ligg under eit provisorisk golv og mellom 10 cm isolasjon. Alle røra er altså bytte heilt tilbake til sikringsskap.
-Ytterveggar isolert med 2x50 mm glava, innerveggar med 100 mm glava, ytterveggar plasta innvendig.
-Lagt MDF-panel og nytt paneltak, med innfelte takboksar. paneltaket fått to strøk panellakk.
-Nye dører

Vidare skal MDF-panel malast med Jotun Marrakech, før rommet får nytt golv, vindu og listverk. Elektrikar skal komme for å koble på straum. Når desse to romma er ferdige, skal det fjernast huntonittplater frå heile trappegangen utanfor romma, legge nytt paneltak og ny isolert loftsluke.

Andre prosjekt som også har vorte tatt innimellom "bygene":
-Fjerna asbesttak på garasje, lagt nytt undertak av OSB med isokraft på toppen. Prioriterer ikkje vidare framgang enda sidan taket er tett no.
-Fullført renovering av arka som hadde råttent vindu og delvis veggar. Nytt vindu, veggar og takrenner montert.
-Fjerna gammal kjellardør som ikkje gjekk an å bruke, utvida åpninga og støypt ny dørterskel for å gå inn ei Diplomat-dør som er innkjøpt. Dette er også prioritert prosjekt.
-Fjerna gammal takrenne hus, kjøpt inn nytt opplegg.
Signatur
  (trådstarter)
   #14
 492     Møre og Romsdal     0
Det går framover med oppussinga, sjølv om det nok går treigt Smile Arvingen vår har bikka 6 månader, og krever jo sitt. To nyoppussa soverom er tatt i bruk i øvste etasje. Eg har no siste veka rive ned huntonittplater og brystningspanel i trappegangen vår, og kjøpt inn furupanel og MDF-plater som skal opp. Legg plast i taket sidan det grensar mot loft. Har også bytta loftsluka til Royal Polar som er isolert med 8 cm. I den forbindelse skal det no også isolerast på loft, 350 mm. Bjelkelaget som ligg der no er 150 mm, så eg forar på 50 mm først, legg 200 mm isolasjon, og forar på ytterligare 150 mm oppå der igjen. På toppen tenkte eg å legge golv, kanskje noko lignande rupanel med litt mellomrom for å ikkje sperre inne fukt?

Det eg no tenker litt på, er korleis eg skal få klart å stappe isolasjon ned i skråtaket. Frå loft har eg tilgang til ei "slisse" som går ned med skråtaket. Slissa er vel ca 800 x 150 mm for kvar bjelke. Det eg tenkte å kike litt på er om Rockwool er formfast nok til å stappe ned der? Det er vel ca 3 meter ned til bunnen, så tvilar vel litt..Har laga eit illustrasjonsbilde for å vise kva eg tenker på. (Ikkje mitt loft dette er bilde av)Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad
Signatur
  (trådstarter)
   #15
 492     Møre og Romsdal     0
Her er forresten bilde av trappegangen, der eg skal legge plast og 11 mm sløyfer i helga, før det blir furupanel(to strøk panellakk kvit). På veggane MDF-panel, perle Caffe Latte.Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - TandstadTandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad
Signatur
   #16
 67     1
Nok eit dumt spørsmål, korleis blir dimensjonen på utvendig kledning målt? Stussa litt, sidan eg ser at storparten av all kledning som blir solgt er i dimensjon 19x148 mm. Kledninga vår derimot ser ut som den er av ein større type, muligens 198?(ser dessverre ikkje profilen på kledninga sidan hjørneborda er på) Kjedelige saker, då Coop Obs Bygg i desse dagar køyrer tilbud på 19x148mm Smile


Det er sikkert 173, du ser jo ikke hele kledningnen da den har en not som er skjult. Om ikke det er en eldre kledning med ukurante mål.
   #17
 67     0
Det går framover med oppussinga, sjølv om det nok går treigt Smile Arvingen vår har bikka 6 månader, og krever jo sitt. To nyoppussa soverom er tatt i bruk i øvste etasje. Eg har no siste veka rive ned huntonittplater og brystningspanel i trappegangen vår, og kjøpt inn furupanel og MDF-plater som skal opp. Legg plast i taket sidan det grensar mot loft. Har også bytta loftsluka til Royal Polar som er isolert med 8 cm. I den forbindelse skal det no også isolerast på loft, 350 mm. Bjelkelaget som ligg der no er 150 mm, så eg forar på 50 mm først, legg 200 mm isolasjon, og forar på ytterligare 150 mm oppå der igjen. På toppen tenkte eg å legge golv, kanskje noko lignande rupanel med litt mellomrom for å ikkje sperre inne fukt?

Det eg no tenker litt på, er korleis eg skal få klart å stappe isolasjon ned i skråtaket. Frå loft har eg tilgang til ei "slisse" som går ned med skråtaket. Slissa er vel ca 800 x 150 mm for kvar bjelke. Det eg tenkte å kike litt på er om Rockwool er formfast nok til å stappe ned der? Det er vel ca 3 meter ned til bunnen, så tvilar vel litt..Har laga eit illustrasjonsbilde for å vise kva eg tenker på. (Ikkje mitt loft dette er bilde av)Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad


Kun blåse-isolasjon duger til å få ned der og bli bra. Men det koster litt å få noen til å komme å gjøre jobben.


   #18
 279     0
gammelt hus uten plast ? oppgradera det isolasjonsmessigt fra starten då kan det borres fra sider som siden dekkes på bade vegger og gulv
Signatur
  (trådstarter)
   #19
 492     Møre og Romsdal     0
Ein god del har vorte gjort sidan oss flytta inn i huset vårt. Blant prosjekt som kan nevnast er:
-Bytte bordkledning på to ytterveggar(har fora ut 10 cm, etterisolert, dobbel vindsperre)
-3 nye vindu og 1 ny skyvedør 240 cm breidde(erstatta lita balkongdør+vindu
-Installert V/V varmepumpe
-Rehabilitert pipe
-To utdaterte soverom har vorte rivne ned til stenderverket, isolert, nye veggar, gulv og tak, samt vindu.
-Alle eldre innerdører har vorte bytta til nye kvite 4-fags dører
-Kjøkken har fått nye kvitevarer(kjøl/frys, ventilator, oppvask og steikeovn m/ induksjonstopp. Gamle furuskap har vorte malt i moderne farge. Nye benkeplater. Malt veggar og flislagt med 60x60-flis
-Bad har blitt oppfriska med nye fargar(ikkje lenger trekvit panel i tak), samt bytte av baderomsinnreiing(tidligare stod det frittståande furumøbel med vask i, tenke seg til...)
-Gang mellom 1. og 2. etasje har fått nye veggar(vekk med tapet og inn med panelplater), samt nytt tak(vekk med huntonitt, opp med plast og kvitlakkert furupanel. Loftsluke bytta frå provisorisk hull med lokk(0% isolering mot loft) til ny isolert luke med 8 cm isolasjon)
-Bytta ut alt elektrisk som var av gammal "hårete" kabel i stålrør. Trekt nye rør i stålrør, samt bytta ut stålrør der dette var praktisk mulig. Alt nytt el-materiell av Elko og godkjent av elektrikar.
-Ny kjellardør. Gammal type var av typen "ikkje lenger mulig å åpne", ny type er "standard" størrelse kvit dør(100x210)

Pågåande prosjekt
-Har starta med å fullisolere kaldtloft med 35 cm isolasjon. Skal legge terassebord oppå her igjen for lagringsplass.
-Garasja(lita sådan, ca 20 m2) har eg sanert vekk asbesttaket på, forsterka med nye takstolar, lagt OSB-undertak, og isokraft på. Gjenstend å legge skifer på. Garasja har også fått tilkobla straum, og fått innreiing.

Planane framover er å gjere diverse småprosjekt, før det blir prosjektert påbygg i 2016/2017. Huset er no ca 8,5x8 meter i tre etasjar, påbygget på eine kortsida vil bygge ca. 5 meter ut frå eksisterande yttervegg, og 12 meter andre vegen.

Spørsmålet mitt no er om nokon vil tippe kor mykje det arbeidet som har vorte gjort hittil kan ha økt verdien? Har planar om ei verdivurdering i næraste framtid, kunne vore interessant å vite kva folk trur. Huset er frå 1950.
Signatur
   #20
 1 061     Jevnaker     0
Nok eit dumt spørsmål, korleis blir dimensjonen på utvendig kledning målt? Stussa litt, sidan eg ser at storparten av all kledning som blir solgt er i dimensjon 19x148 mm. Kledninga vår derimot ser ut som den er av ein større type, muligens 198?(ser dessverre ikkje profilen på kledninga sidan hjørneborda er på) Kjedelige saker, då Coop Obs Bygg i desse dagar køyrer tilbud på 19x148mm Smile


19x173 dobbel fals(7") 28grader
Signatur