#31
 279     0
hej har vare veck fra datan en stunn ang loftete så er det billigast og beste resultat att blåsa skall du da senere byte yttertak legg du luftn utv med diffåpen papp o kan då fylle skråtaket fullt. fördel med pustande material som fölger Naturloven har mannge möreprojektom du vill kontrollere som har denna konstruksjon
Signatur

   #32
 1,387     Tromsø     1
Det blir fin garasje. Nå kan han stå i minst 50 år til. Når du renoverer den slik, vil vel også noko av sjela og ideen i det opphavlege byggverket bli bevart. Desse gamle husa er ofte prega av ein annan økonomisk situasjon enn vår. Så enkelte løsningar er billege. Men samtidig godt handverk.
Typisk når ein overtek ein slik eigedom er at mange ting skulle vore gjort samtidig, og ein må ta tida til hjelp.
Eg har også ei 50-tals hus som er snudd og vendt på både før og etter eg fekk det, men eg synest det er stas at noko av det opphavlege er synleg ennå.
  (trådstarter)
   #33
 534     Møre og Romsdal     0
Tusen takk for det ariens Smile Ja eg kunne sjølvsagt valgt å rive garasja og satt opp ei ny(denne var jo strengt tatt dimensjonert for langt mindre bilar enn dei oss har idag feks.) men det har sin sjarm å beholde den også, og som du nevner så er det nok av ting å ta fatt i om ein ikkje skal bygge alt nytt Smile Med ein liten gutt på 2 år også så er det greit om ein slepp å bruke alle ledige timar i året på renovering av bolig.
Signatur
   #34
 1,387     Tromsø     0
Ser at du har ein god lagringsplass under garasjen. Slik plass er gull verd, og dei laga vel meir av slikt på 50-talet enn i dag. I dag er det mest mulig primærareal og ingen mørkeloft eller uinnreda kjellar. Nokre av oss får aldri nok lagringsplass til mikk og ræl som vi samlar Smile.
I mitt hus frå 1951 la eg golv på mørkeloftet og fekk det til lagringsplass. Og innreda 2 hyblar i kjellaren på areal som vi greidde oss utan. I tillegg fekk eg ei ganske bra verktybu. Og bygde kjølerom. Ikke mange nye hus kunne tilbydd noko slikt.
  (trådstarter)
   #35
 534     Møre og Romsdal     0
Høyrast veldig bra ut det du har gjort ariens, og eg ser at oss har gjort litt av samme. Eg har også ei verktøybu i kjellaren, og er halvvegs komen på mørkeloftet med å "krysslekte" opp 6" og fullisolere med 35 cm isolasjon. Har spart på terrassegolvet frå gamleverandaen som skal leggast i si heilheit der oppe. Har også bytta ut loftsluka, sidan dette berre var ei tynn plate som låg over hullet. No er det ei 3-delt trapp med isolert luke. Veldig greit å kunne lagre barneklede, koffertar osv der oppe.

Under garasja har eg god plass til klippar, snøfres, syklar osv, og det er absolutt gull verdt ja. Har faktisk tenkt tanken om å bygge på ei bod utanpå garasja, og åpne opp litt meir av kjellarveggen der. Per idag så er største problemet mitt at eg har liten plass til å lagre stort verktøy, så hadde vore kjekt med ei lita bu der bordsag, kappsag, kompressor og slikt kunne stå.
Signatur
   #36
 1,387     Tromsø     0
Gjenkjenneleg frå a til å det du skriv her. Einaste eg ville tenkt på ein ekstra gong er å bruke impregnert innandørs. Det blir visstnok ikkje anbefalt. Kor farleg det er, veit eg ikkje, det er kanskje ved eventuell brann. Men gamle terrassebord kan vel komme til nytte utandørs eller i garasjekjellaren f.eks. Eg har gjenbrukt slike bord fleire gonger etter kvart som eg har forandra på ting.
  (trådstarter)
   #37
 534     Møre og Romsdal     0
Då var iallfall jobben med platene ferdig i denne omgang. Sovna ilag med 2-åringen vår idag, kan vel vitne om at det har vore lange dagar i det siste SmileTandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Signatur

  (trådstarter)
   #38
 534     Møre og Romsdal     0
Blir vel neppe tid til noko arbeid idag tenker eg, gjer seg vel med ein "fridag" også. Neste blir å få lagt heile drensrøret med riktig fall, pukke over, og lagt duk over der igjen. Så er det å begynne å få ned att dei massive steinane først, så litt finare masser. Har også avtalt å kjøpe eit parti med 20mm XPS til å legge nedi grøfta med fall ut frå veggen.

Eg skulle dog hatt litt innspel på ei sak. Drensrøret "ender" opp til venstre på forrige bilde. Der er jo då enden heilt åpen. Tenkte å legge litt duk(dobbelt lag kanskje) med fiberduk framfor åpninga, og teipe dette fast. Vil dette halde?

Har også ei takrenne der eg vil få kjøpt meg rør til å legge ned i grøfta her. Tenkte då å kjøpe eit fleksibelt rør som eg spleisar på nedløpsrøret, og legg ned i grøfta på utsida av drensrøret. Dette burde vel bli ei ok løysing.
Signatur
  (trådstarter)
   #39
 534     Møre og Romsdal     0
Har komt oss litt vidare med dreneringa no. Svigerfar var og hjalp meg igår, så oss fekk riktig fall på drensrøret(han hadde med nivellerkikkert), så la oss meir pukk og duk, og avslutta med XPS-plater oppå der igjen. Så fekk oss begynt å fylle tilbake massene for hand Smile

Kona har brukt veka på å grunne og male kledning, som etter planen skal monterast på garasja kommande veke. Begynner å sjå lyset i enden av tunnelen. Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad
Signatur
  (trådstarter)
   #40
 534     Møre og Romsdal     1
Med meeeget god dugnadshjelp kom oss langt idag. No er grøftene snart ferdige(med unntak av siste 2 metrane som må stå åpen til soil er bytta), og oss er godt i gang med å kle garasja. Kona skal fortsetje å male kledning i morgon(oss grunnar pluss malar eit strøk før kledninga monterast) medan eg skal fortsetje på garasja/verandaen, med mindre det blir skikkelig pøsregn(som det er meldt).

Og ja PS, grøftene er fylt tilbake for hand Smile god trening Wink

Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad
Signatur