(trådstarter)
   #221
 534     Møre og Romsdal     0
Av og til må ein berre sjå si begrensning på kva ein kan gjere sjølv Smile Arbeidet med å få pussa grunnmuren vår starta igår, blir spennande å sjå kor det blir til slutt! Hadde oss ei økt igårkveld for å få limt på plass ein platebit i hjørnet der det stod ein mur, flytte fiberboksen, samt ta ned varmepumpa frå veggen og montere på provisorisk plass. Tanken er å setje opp ei lita bod mellom vindua(etter veggen er ferdig pussa) der varmepumpa blir hengt under tak, samt at putene til den store sittegruppa vår kan lagrast.
Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad
Siste redigering: Tuesday, September 4, 2018 8:00:22 AM av Tandstad
Signatur

HSt
   #222
 36,582     Lillestrøm kommune     0
Jeg har vel antydet før at trådens tittel er litt misvisende for det ser aldeles ikke ut som en nybegynner, det ser ut som han kan dette også Smile
  (trådstarter)
   #223
 534     Møre og Romsdal     0
Hei HSt,

Takk for gode ord, men denne gangen har eg leigd inn hjelp til pussinga Smile kona antyda at det var på tide å få pussa dette no, sidan grunnmursplatene har pryda nabolaget med sin "flotte" blåfarge i snart 2,5 år Wink Gledar meg dog til å få gjort dette, for då kan ein etterkvart begynne å tenke på kva ein vil ha slags underlag på innkjørselen. I utgangspunktet hadde eg tenkt singel, sidan oss skal ha singel under verandaen også. Men sidan oss har snøfresar så kan vel det by på litt problem. Då står ein vel kanskje mellom asfalt og belegningsstein. Må seie det fortsatt er litt fristande å prøve singel i mindre fraksjonar, strengt tatt ikkje meir enn 1-3 gangar årleg plassen blir frest uansett.

Først av alt bør eg vel kanskje få utfora og lista den soveromsdøra vår som har stått i over 4 år no, somme prosjekt blir berre automatisk flytta ned på prioriteringslista, uansett kor små dei er Smile
Signatur
  (trådstarter)
   #224
 534     Møre og Romsdal     1
Etter at pussinga av grunnmuren vart ferdig, har varmepumpa berre hengt provisorisk i verandaen. Dette skapte store vibrasjonar gjennom huset, og fekk meg til å revurdere å henge pumpa tilbake på veggen. Så idag fann eg fram restmateriale i garasja, og snekra eit bakkestativ til pumpa. Satte på føtter på stativet slik den ikkje skal velte i Vestlandsstormane til hausten, og steinfylte den etterpå. Vart skikkelig stabilt til slutt. Står ca 6-7 cm frå grunnmuren så då burde vibrasjonane vere vekk for godt Smile

Førbilde
Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Føtter under for stabilitet
Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Steinfylt
Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Held på å legge duk/singel på plassen under her.
Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Tenker å lage eit slags deksel over toppen etterkvart, og få malt heile stativet Smile
Signatur
  (trådstarter)
   #225
 534     Møre og Romsdal     0
Inne i ein "kjedelig" periode på oppussinga av huset no, fullføring av tidligare starta prosjekt...Mellom anna ein gang med vinklar i alle retningar som skal listast ferdig. Profilerte taklister, skråtak, ytterhjørner osv. Blir mange turar ut i garasja per list som skal opp. Har i det minste endelig fått lista badedøra som har stått utan lister i 5 år Smile

Kona har også sendt forespørsel til arkitektfirma mtp. tilbygget som er planlagt(iallfall på tankestadiet) på huset. Oss har tegna litt på eit tilbygg, men min magefølelse tilseier at det kjem til å verte alt for dyrt, og at oss må inngå nokre kompromiss. Tanken er å forlenge huset ganske kraftig i lengderetninga. I tillegg til dette så må taket takast opp att(ligg skifer idag, tenker å modernisere uttrykket på huset litt), samt at eksisterande kjellar må takast(vaskekjellar idag er berre råkjellar).

Sjølv med mykje egeninnsats(tenker vel at mesteparten av innvendig arbeid kan takast sjølv, samt ta ned gammalt tak osv.) Så skal det vel godt gjerast å bikke seg under 20k per m2. Det er også lite ellers som gjer tilbygget billigare, oss har per idag berre eit bad som må pussast opp att, nytt bad skal byggast, samt at kjøkkenet må takast.

Ser for meg at oss får ein litan reality check etter prat med arkitekt, og at det tilbygget oss har tenkt blir kraftig modifisert. Håpet er vel at arkitekt kan sjå gode løysinger som oss ikkje har sett sjølv enda.

Budsjett for tilbygg inkl. alt(arkitekt, grunnarbeid, søknadar osv.) må haldast sør for 2,5 mill.
Signatur
  (trådstarter)
   #226
 534     Møre og Romsdal     0
Hadde besøk av arkitekt igår, der oss fekk ytra ønska våre for eit tilbygg. Arkitekten vart ikkje for skremt av planane, sjølv om dei er ganske omfattande. Neste steg no er at arkitekten skriv tilbud som oss vil vurdere.

I grove trekk så er det snakk om ei forlenging av eksisterande hus med ca. 5 meter, samt også å modernisere det eksisterande bygget.

Tanken er noko i den duren her:
Tandstad: Nybyrjar pussar opp einebolig frå 1950 -  - Tandstad

Den "gamle" delen av vårt hus er lengre enn på bildet, ca. 8,5 meter.
Signatur
  (trådstarter)
   #227
 534     Møre og Romsdal     0
Då har oss iallfall takka ja til tilbudet frå arkitekt, som inkluderer tegning, byggetegninger, søknadar, takst osv.

Blir spennande å sjå korleis dei får det til Smile Estimert oppstart frå deira side var innan 3-4 veker.
Signatur

  (trådstarter)
   #228
 534     Møre og Romsdal     0
Då har arkitekt fått klarsignal på at tegningene er godkjente frå vår side etter nokre rundar med endringer, så no fortsetter dei på søknadsprosessen. Spanande tider framover!
Signatur
   #230
 2,984     Vestlandet     0
Her har det skjedd mykje sidan sist eg las tråden.
Spanande med teikningar og tilbygg. Eg håpar du legg ut bilete av planane etterkvart.
Signatur